Politiet fekk melding klokka 19.06 om at det hadde vore ein kollisjon mellom ein bil og ein syklist i sentrum av Øvre Årdal.
Syklisten er ei kvinne i 60-åra. Ho vart frakta til Førde sentralsjukehus i ambulanse etter hendinga.
– Skadeomfang er førebels uvisst. Pasienten er på veg til sjukehuset no i ambulanse, opplyser, Inge Værøy ved politiets operasjonssentral.
Det var 30-sone på staden der uhellet skjedde og skal ha skjedd ved eit vegkryss. Føraren av bilen er ein mann i 20-åra. Årdal lensmannskontor etterforskar saka vidare.