Hopp til innhold

Kvinne svindla NAV

Ei nordfjordkvinne i 40-åra er dømd til 60 timar samfunnsstraff. I løpet av to år opplyste ikkje kvinna NAV om nær 2.500 timar som ho arbeidde. Med det fekk ho utbetalt kring 240.000 kroner for mykje i dagpengar. Kvinna erkjende forholdet. I tillegg til samfunnsstraffa må kvinna betale NAV 29.000 kroner i erstatning.