– Det var forbipasserande som varsla om uhellet, fortel Olaug Holme ved politiet sin operasjonssentral.
Uhellet skjedde på E39 ved Svidalsneset i Jølster, og naudetatane vart kalla ut. Bilen var på veg sørover då den kryssa vegbana og køyrde utfor vegen.
Føraren, ei kvinne i 70-åra, er berga ut av bilen og vert teken hand om av helsepersonell.
– Ho skal vere oppe å gå, og det er ikkje snakk om noko alvorleg, seier Holme.
Kvinna var åleine i bilen då uhellet skjedde.
– Ut ifrå den informasjonen vi har til no, tyder det på at vedkommande har sovna bak rattet. Førarkortet er beslaglagt, seier Holme.