Hopp til innhold

Frakta til sjukehus etter utforkøyring

Ei kvinne i 60-åra er frakta til sjukehus med luftambulanse etter ei utforkøyring på Nordfjordeid.

Berging av bil i Hjelmelandskrysset

KØYRDE UTFOR: Bergingsbilen frå Stårheim fraktar vekk bilen som hamna i grøfta i Hjelmelandskrysset.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi fekk melding klokka 07.01 om at ein bil hadde køyrt utfor, føraren var bevisst då vi kom til staden, men klaga over ein del smerter, seier operasjonsleiar i politiet, Per Algerøy.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulykka.