Kvinne sikta for tjuveri i Stryn
Ei kvinne i 20-åra er sikta for grovt tjuveri mot fleire sportsforretningar i Stryn. Kvinna kjem frå eit anna europeisk land, men har vore busett i Stryn ei stund, skriv Fjordingen. Fredag blir ho framstilt for Bergen tingrett med krav om varetektsfengsling. Kvinna har erkjent tjuveri av varer til ein samla verdi på rundt 100.000 kroner.