NRK Meny
Normal

Kvinne sakna - pregar heile bygda seier ordførar

– Først og fremst så går tankane no til familien og dei pårørande i denne triste hendinga, seier Marta Finden Halset som er ordførar i Vik.

Marta Finden Halset, ordførar i Vik

PREGAR HEILE SAMFUNNET I VIK: Marta Finden Halset er ordførar i Vik

Foto: Noralv Pedersen / NRK

På andre dagen går de no føre seg ein stor leiteaksjon i Vik etter ei kvinne i 40-åra, som har vore sakna sidan laurdag føremiddag.

– Dette pregar heile samfunnet i Vik, det er trist at vi skal oppleve ei slik hending, seier Finden Halset.

Heile bygda stiller opp

13 spesialdykkarar søker i dag gjennom elva Vikja etter den sakna. I tillegg er 96 personar med i leiteaksjonen frå politi, Vik Røde Kors Hjelpekorps, frivillige bygdefolk, fangar frå Vik fengsel. Seks båtar skal finkjemma strendene ut til Limmesand i retning Arnafjorden og ut mot Vangsnes.

– No stiller alle som kan opp og deltek i leitinga. At folk stiller opp på denne måten når situasjonen krev det, set vi stor pris på, seier Finden Halset.

Leiteaksjon i Vik

LEITAR I SJØEN: Dykkarar søker langs kaiane i Vik sentrum.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Utan spor etter kvinna

Både den sakna kvinna og mannen hennar er frå Hordaland og er i Vik på gjennomreise. Kvinna vart sist sett ved utestaden Dampen i Vik sentrum kring klokka 0200 natt til laurdag. Etter det er det ingen opplysningar om kva kvinna kan ha tatt vegen.

Bergens Tidende skriv sundag at kvinna var ein del av eit reisefølge på rundt ti personar, og at ho skal ha forlate utestaden Dampen saman med ein mann frå reisefølget klokka 01.45.

Mannen til den sakna kvinna har tidlegare forklart at han trudde kvinna gjekk tilbake til campingplassen der dei budde.

Får hjelp av kriseteamet

– Familien og dei pårørande får no hjelp av kriseteamet til kommunen.

Kommunen har tillegg stilt eit rom til rådevelde der familien og dei pårørande kan samlast.

– No håpar vi berre at leiteaksjonen endar positivt og godt i løpet av ettermiddagen, seier Finden Halset.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser