Hopp til innhold

Kvinne påkøyrd i Florø

Ein kvinneleg syklist vart i føremiddag påkøyrd i Florø. Uhellet skjedde då ein bil skulle køyre ut frå ein parkeringsplass. Kvinna vart sendt til legevakt for undersøking. Politiet opprettar sak, men det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.