NRK Meny
Normal

Kvinne omkom i ulukke med plentraktor

Ei kvinne i 60-åra omkom i går kveld i ei ulukke i samband med grasklipping på Vassenden i Jølster.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka vart meld til politiet klokka 19.42, og kvinna vart frakta til Førde sentralsjukehus. Laurdag føremiddag opplyser AMK-sentralen at kvinne døydde i løpet av natta etter intensiv behandling.

– Kvinna vart skadd medan ho slo gras med ein grasklippar. Klipparen skal ha gått rundt, men vi har ikkje så mykje opplysningar om kva som har skjedd, opplyste operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Synnøve Domben fredag kveld.

Politiet opplyser laurdag at kvinna skal ha fått plentraktoren over seg.

– Politiet har vore på staden, men har førebels få opplysningar. Det var ingen vitne til sjølve hendinga, seier Domben.

Det er oppretta ei undersøkingssak som vert unndersøkt av Jølster lensmannskontor.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast