Hopp til innhold

Kvinne meld for vald mot politiet

Ei kvinne i 20-åra er politimeld etter at ho i natt både slo og sparka etter politiet. Like før klokka 03 rykte ein politipatrulje ut til eit hus i Jølster der den rusa kvinna var uønskt. Då politiet ville fjerne ho frå staden svara kvinna med å angripe dei. Kvinna sit no i arresten.