Hopp til innhold

Kvinne måtte leve med konstant frykt for livet sitt

Ho blei utsett for ei rekkje tilfelle av vald og truslar frå kjærasten. No er han dømd for ei rekkje alvorlege forhold.

Det var rystande detaljar om vald og truslar som kom fram då Fjordane tingrett nyleg handsama saka mot ein mann i tjueåra, busett i Sunnfjord.

Han stod tiltalt for blant anna å ha slege kjærasten fleire gonger i hovudet. Han heldt også ei pute framfor ansiktet hennar slik at ho ikkje fekk puste og svima av.

– Fleire sa han at han skulle drepe ho og dele ho opp med kniv, skriv Fjordane tingrett i den omfattande dommen mot mannen.

Sjølv om det var eit turbulent forhold frå begge si side, så er tingretten tydelege i at mannen er skuldig i dei alvorlege valdsepisodane og truslane.

– Retten kan ikkje sjå anna enn at dei gjentekne episodane med vald og truslar har skapt eit tilvære for fornærma prega av kontinuerleg utryggleik og frykt for vald, skriv tingretten.

Mannen er no dømd til å sone eitt år og to månader i fengsel for dette og andre mindre alvorlege kriminelle handlingar.