Hopp til innhold

Her bergar redningshelikopteret skadd kvinne frå stupbratt fjell

Ein kvinneleg deltakar i Fjellsportfestivalen i Sogndal måtte torsdag ettermiddag bergast ut frå eit stupbratt fjellområde.

Redningsaksjon Frudalen Sogndal

BRATT OMRÅDE: Kvinna blei henta ned av redningshelikopteret frå Florø.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Deltakarar og publikum under festivalen blei vitne til at ein av deltakarane på frikøyringstevlinga i Frudalen datt og skada seg på veg ned frå ei svært bratt fjellside.

– Det er ei som har skada seg ganske høgt oppe i bakken. Helikopteret har kome og skal hjelpe til å få ho ned. Det var rett og slett for bratt til å få ho ned på nokon annan måte, fortel rennsjef Henriette Landro til NRK.

Redningshelikopteret blei sendt frå basen i Florø og var raskt på plass for å hjelpe den skadde kvinna.

– Det ser ut til at det har gått bra og at alt er under kontroll, seier Landro.

Festivalen har blant anna tinderettleiarar og Røde Kors-folk som sikrar tryggleiken i området for deltakarar og publikum.

– Det var mange som kom raskt til staden då ho skadde seg, seier rennsjefen.

Kvinna skal ikkje vere alvorleg skadd.

Fjellsportfestivalen i Sogndal samlar om lag 1500 deltakarar denne veka i ulike aktivitetar. Festivalen opna onsdag med elleville skihopp i Sogndalsfjorden.