NRK Meny
Normal

Kvinne lettare skadd etter påkøyrsle

Ei kvinne i 50-åra er send til Førde sentralsjukehus med lettare skader etter ein kollisjon i lyskrysset på Moskog i Førde.

kollisjon på Mo

TRAFIKKUHELL: Uhellet skjedde i eit arbeidsområde på Moskog der det er lysregulering.

Foto: Narve Heggheim

To bilar var involverte i uhellet, der ein bil køyrte i den andre bakfrå.

Uhellet skjedde i samband med at den første bilen hadde stoppa på raudt lys. Det skal ifølgje politiet ha vore låg fart då bilane støytte saman.

Det er vegarbeid i området og det kan bli lenger ventetid på staden grunna ulukka. Politiet er på staden.

Klokka 10.15 har politiet avslutta på staden og trafikken går som normalt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.