NRK Meny
Normal

Kvinne i arresten under Sildabordet

Då den sterkt rusa kvinna vart nekta tilgjenge til utestaden vart ho aggressiv og lite blid. Til slutt måtte politiet hente ho.

Hendinga skjedde utanfor ein utestad i Florø laurdag ettermiddag.

Ifølge politiet var kvinna sterkt rusa og på veg inn til ein utestad i byen då ho vart nekta tilgjenge av personalet.

Det skal ha falt kvinna i 40-åra tungt for brystet.

– Dette var ho lite nøgd med, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen hjå politiet i Sogn og Fjordane.

Kvinna skal ha vore ganske aggressiv mot andre gjester på utestaden. Så pass at utestaden måtte ringe politiet.

– Ho skal også ha vore aggressiv mot personalet, fortel operasjonsleiaren.

Kvinna er brakt inn til arresten.

Laster Twitter-innhold
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser