Hopp til innhold

Kvinne i 70-åra til sjukehus etter trafikkulukke

Trafikkulukka førte til lange køar på E39, kring ein kilometer aust for Vassenden.

Trafikkulukke mellom Førde og Vassenden

PASSERING: Det er passering i eitt av køyrefelta forbi ulukkesstaden, men det er saktegåande trafikk og store køar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Kvinna i 70-åra var åleine i bilen, og ingen andre bilar var involverte. Ho vart sendt til sjukehus med smerter i rygg, men det er førebels ukjend kor alvorleg skadene er.

– Bilen vart observert køyrande rett ut av vegen, men vi veit ikkje kvifor. Vi må få prata med føraren, seier operasjonsleiar for politiet, Trond Hatlenes.

Ulukka skal ha skjedd om lag ein kilometer aust for Vassenden. Det var passering i eitt køyrefelt, men likevel danna det seg store køar.

Ulukka skjedde like før klokka 16.00. Halvanna time seinare er brannvesenet i ferd med å rydde vegen.