NRK Meny
Normal

Død kvinne sendt til obduksjon

Politiet vil sende kvinna i 70-åra til obduksjon for å få slått fast dødsårsaka, men mistenkjer ikkje at noko kriminelt ligg bak.

Vik

FUNNEN OMKOMEN: Kvinna i 70-åra vart funne av pårørande i sin eigen heim i Vik sentrum.

Foto: Bjørn Sæbø

Kvinna vart funnen død i sin eigen heim av pårørande rundt klokka seks i kveld. Berre timar tidlegare hadde kvinna blitt observert i live.

Politiet vart varsla og dei har i kveld gjort undersøkingar på staden.

– Det har ikkje kome fram noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt på staden, seier Trond Hatlenes ved operasjonssentralen i Florø.

Han opplyser at kvinna likevel vil bli sendt til obduksjon.

– Det er det politijuristen vår som har bestemt for å vere sikker på dødsårsaka, seier Hatlenes.

Politiet har no avslutta undersøkingane for kvelden.

– Det har blitt gjort undersøkingar som er vanlege å gjere i samband med dødsfall, seier Hatlenes.

Saka vil bli følgt opp av politiet i morgon.

Vegopning på Bergum i Førde kommune