NRK Meny
Normal

Kvinne i 60-åra sakna etter husbrann

Ei kvinne i 60-åra er sakna etter at eit bustadhus brann ned i Dale i Fjaler.

Brann i bustadhus i Dale

TOTALSKADD: Huset vart raskt overtent og er totalskadd etter brannen. Foto: David Zadig.

Politiet opplyser klokka 12 at det blir jobba med ettersløkking på brannstaden. Huset har kollapsa og rasa i hop av brannskadane.

Kvinna, som budde åleine i huset, er sakna etter at politiet fekk melding om brannen i 08-tida i dag.

– Huset var overtent og er totalskadd. Det er ein person som bur i huset, og politiet har førebels ikkje kontroll på denne personen, seier operasjonsleiar hjå politiet, Inge Værøy.

Huset vart definert som overtent klokka 09.30, og sløkkjearbeidet var krevjande. Brannvesenet forsøkte på eit tidspunkt å ta seg inn i huset for å sjå om dei kunne finne kvinna som budde i huset, men måtte etter kort tid trekkje seg ut på grunn av den intense varmen og flammane.

– Det ser veldig alvorleg ut

For naboar og innbyggjarane i Fjaler var brannen intens og dramatisk. Pamela Baust bur rundt 300 meter frå brannstaden på Jarstad i Dale.

– Det brann veldig kraftig. Røyken låg tjukk over heile området, fortel Baust.

– Det såg veldig alvorleg ut, seier ho.

Hus brann ned i Dale

SAKNA: Ein person er sakna etter at eit hus brann ned på Jarstad i Dale i Fjaler i føremiddag.

Foto: NRK-tipsar

Politiet har førebels ingen opplysningar om årsaka til brannen.

Brann Dale

PRØVDE: Brannvesenet jobba på spreng, men det var umogleg å stogge flammane.

Foto: FOTO: NRK-tipsar
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.