Hopp til innhold

Kvinne i 40-åra mistenkt for denne forbikøyringa

Politiet har no ein mistenkt i saka om forbikøyringa som lensmannen meinte var ein av dei verste han har sett.

Grisete forbikøyring i 70-sone på Eid.

UOVERSIKTLEG FORBIKØYRING: – Det er ein vekkjar å tenke på kva som kunne ha skjedd. Eg køyrer her dagleg. Det same gjer familie og vener. Uskyldige kan kome opp i heilt uventa situasjonar med fatale følgje

– På bakgrunn av tips har ei kvinne bekrefta at ho køyrde bilen som vi ser på videoen, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Trond Hatlenes.

Eid-lensmann Tormod Hvattum meinte dette var ei av dei verste forbikøyringane han hadde sett.

Politiet mistenkjer no ei kvinne i 40-åra for forbikøyringa som skjedde i 70-sona på rv. 15 ved Haus i Eid kommune.

– Kvinna er ikkje avhøyrt enda. Neste steg er å avhøyre både kvinna og personen som filma forbikøyringa, seier Hatlenes.

I tillegg til avhøyr skal politiet tilbake på staden der forbikøyringa skjedde.

Laster Twitter-innhold

Politi får ofte tips frå bilistar

Det var tips som gjorde at politiet kom i kontakt med den mistenkte kvinna.

– Vi får veldig ofte tips om denne typen forbikøyringar, seier Hatlenes.

Likevel er det ikkje alltid dei får gjort noko med det.

– Det kjem veldig an på om politiet er på rett stad til rett tid, eller at vi faktisk får inn tips om forbikøyringar frå publikum som gjer at vi får tatt den rette personen, seier han.

Ynskjer føraren å kommentere saka, eller kome med opplysningar om saka, så ber vi personen ta kontakt med NRK Sogn og Fjordane.