Hopp til innhold

Kvinne i 20-åra til lege etter kollisjon på E39

To personbilar kolliderte søndag ettermiddag på E39 ved Sandane. Føraren av den eine bilen er send til lege for sjekk.

Trafikkuhell E39 på Sandane

KOLLISJON: Ein personbil køyrde inn i ein annan personbil bakfrå på E39 på Sandane søndag ettermiddag.

Foto: NRK-tipsar

Uhellet skjedde i området ved rasteplassen på E39 forbi Sandane, der det er bygd eit utkikkspunkt med utsyn over Sandane og Gloppefjorden.

Det var til saman fire personar i dei to bilane.

– Føraren av den bakarste bilen, ei kvinne i slutten av 20-åra, er send til lege i Eid, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt.

Greidde ikkje stoppe

Tidleg etter uhellet opplyste politiet at det også hadde vore ein tredje bil på staden. Denne hadde ikkje vore ein del av samanstøyten, men politiet visste då ikkje noko om kva som hadde skjedd i forkant av kollisjonen.

Like etter klokka 17 seier politiet at det er snakk om ein kollisjon bakfrå.

– Bil nummer ein har stoppa, så har bil nummer to bremsa opp, utan å køyre inn i bil nummer ein. Bil nummer tre har så køyrt i bil nummer to bakfrå, seier operasjonsleiar Hatlenes.

Det er føraren i bil nummer tre som er send til lege for sjekk. Ingen av dei tre personane i bil nummer to er skadde.

Køyrde vidare

Når det gjeld den første bilen i rekka, den som stogga opp, veit politiet førebels lite. Denne har køyrt vidare og det er uklart for politiet om den eller dei som var i bilen i det heile teke fekk med seg at bilane bak kolliderte.

– Vi ønskjer å komme i kontakt med aktuelle bilføraren.

Saka blir følgd opp av politiet.

E39 var ikkje stengd som følgje av kollisjonen.

E39 Sandane