Hopp til innhold

Kvinne funnen nedkjølt etter leiteaksjon

Ei kvinne i 40-åra er funnen etter ein leiteaksjon i Svelgen.

Svelgen

Kvinna vart meld sakna frå bustaden sin klokka 1724. To timar seinare vart ho lokalisert av eit redningshelikopter.

– Ho vart funnen nedkjølt i fjellet og blir frakta ned til ambulansen på idrettsbana, opplyser operasjonsleiar Hans Eirik Thue ved Vest politidistrikt.

Hovudredningssentralen på Sola vart varsla like før klokka 18.

– Ut frå terrenget og vêrmeldingane bestemte vi oss for å sende helikopter, seier Kjetil Hagen og opplyser at det var regn og sju grader i Svelgen. Helikopteret konsentrerte søket kring ein tursti som går i bratt terreng.

Thue opplyser at det førebels er uvisst kva som har skjedd med kvinna. Politiet deltok også i søket, og både Norske Redningshundar og Røde Kors Hjelpekorps var kontakta.