Hopp til innhold

Kvinne funnen naken og forkommen – mann pågripen og sikta for familievald

GAULAR (NRK.no): Ei kvinne vart søndag funnen naken og forkommen av tilfeldig forbipasserande i ein vegkant i Gaular. Ein person er pågripen og sikta for familievald.

– Vi har arrestert og sikta ein mann for familievald i samband med dette, seier overbetjent Stine Mari Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

– Vi meiner vi har god kontroll på dei involverte partane og det som har skjedd, seier ho.

Vart teken hand om av helsepersonell

Politiet fekk søndag morgon melding om ei forkommen og naken kvinne som var funnen i vegkanten i Gaular. Tre tilfeldig forbipasserande personar hadde då komme over kvinna og melde ifrå til politiet.

Ho vart då teken hand om av helsepersonell.

– Helsetilstanden hennar var relativt grei. Ho var ikkje forfrosen eller noko slikt, seier Vårdal.

Er familieforhold mellom dei involverte

Politiet etterforskar no saka for fullt. Vårdal vil difor ikkje gå inn i detaljar i saka.

Ho stadfestar at det er eit familieforhold mellom kvinna og den arresterte mannen.

– No må vi snu dei steinane vi kan snu for å avdekke det som har skjedd, seier Vårdal.

– Vil de ta ut sikting mot andre personar?

– Det er litt tidleg å seie. Men eg føler vi har god kontroll på dei involverte partane.