Hopp til innhold

Den sakna kvinna funnen i god behald

Kvinna som har vore sakna i Førde, kom ved 12-tida i dag til rette i god behald.

Leiteaksjon i Førde
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– No har vi funne kvinna i god behald, så no er alt vel. Ho hadde reist på besøk hjå nokon som ikkje slektningane var klar over, fortel lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde.

Det var klokka 18.30 i går at familien til den sakna melde ifrå om at ho ikkje var i heimen sin som forventa. Familien og politiet har sidan prøvd å få kontakt med kvinna, utan å lukkast.

Kvinne som er i 80-åra har ikkje vore klar over at ho har vore sakna.

Jan Egil Tvinde

UTFORDRING: Jan Egil Tvinde, lensmann i Førde seier det har vore vanskeleg å kome i kontakt med kvinna.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kommunikasjonsutfordring

– Det har vore ei kommunikasjonsutfordring å få tak i ho, for det er jo ikkje alle eldre som har mobiltelefon, seier Tvinde.

Klokka 21.23 tysdag kveld vart det, i samråd med Hovudredningssentralen, avgjort å varsla Røde Kors og Norske redningshundar. Klokka 22.40 var søket i gong.

Etter nattas leiting starta søket opp att klokka 09 onsdag morgon. Få timar seinare var kvinna kome til rette att.

Leiter etter sakna kvinne i Førde

LEITEAKSJON: Eit tjuetals personar og to hundar var med i søket.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det var gjennom telefonar med omgangskrinsen til kvinna at politiet kom i kontakt med dei ho var på besøk hjå, opplyser Tvinde.

Hadde lite å gå etter

Mannskap har i føremiddag haldt fram leiting rundt byggjefelt og langs vegen der kvinne kan ha vore.

Politiet hadde veldig lite å gå etter og ønskte blant anna å kome i kontakt med føraren av ein sølvfarga bil.

Kinna skal ha blitt sett i samband med ein slik bli tysdag føremiddag.

Tvinde seier at dette truleg kan vere bilen til dei kvinne har vore på besøk hjå.

Politiet har svært få spor å gå etter i leiteaksjonen etter den sakna kvinna i 80-åra i Førde.

TO HUNDAR: To hundar var med i søket etter kvinna. Video: Alf Vidar