Politiet startar etterforsking etter at kvinne blei funnen død i Olden

Natt til søndag blei ei kvinne i 50-åra funnen død utandørs i Olden i Stryn kommune. Politiet undersøkjer no dødsfallet. Årsaka til dødsfallet er førebels ukjend.

Laster kart, vennligst vent...

FUNNEN UTANDØRS: Politiet i Stryn etterforskar no dødsfallet.

– Kvinna er funnen utandørs, difor har vi oppretta ei undersøkingssak, seier politioverbetjent Nils Bakke til NRK.

Politiet har jobba med saka gjennom helga og kvinna skal obduserast i dag. Dødsårsaka er førebels ikkje kjend.

– Vi avventar obduksjonen, seier Bakke.

Avisa Firda skriv at kvinna blei funnen i vegkanten, og at funn på staden tyder på at kvinna har falle ned ein skrent.

Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, seier til NRK at dei no jobbar ut frå ein teori om at kvinna døydde i ei fallulukke.