Hopp til innhold

Politiet frigjev namn på omkomen turgåar i Aurlandsdalen

Ei kvinne i 20 åra frå Canada vart tysdag ettermiddag funnen død mellom Sinjarheim og Almen i Aurlandsdalen.

helikopter

BRATT: Terrenget i området der kvinna vart funnen er bratt og ulendt.

Foto: Arne Veum

Politiet opplyser at det var Maria Tzekova, i 20-åra, frå Canada som vart funne omkome i Vassbygdi i Aurland, tysdag.

Like før klokka 17, tysdag, melde politiet på Twitter at kvinna truleg har falle kring 20 meter frå stien, og deretter sklidd 30 meter nedover ei steinur.

– Ein turgåar melde frå om ein person som var omkomen. Vedkommande ligg utanfor stien, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Florø.

Det skal vere bratt og ulendt terreng i området. Turgåaren fekk varsla om hendinga frå Vassbygdi.

Aurlandsdalen

Politiet opplyser at ingen personar skal vere sakna i området. Det er førebels uvisst kva som har skjedd. Funnstaden er vel ein time frå Vassbygdi.

Det 40 kilometer lange dalføret er med sin dramatiske fjellnatur og naturskjønne turområde eit ynda besøksmål av turgåarar. Holme opplyser at det er eit krevjande terreng å gå i.

– Det er bratt og glatt ettersom det har regna. Det er vanskelege forhold, seier ho.

– Kva skjer vidare?

– Politiet er på veg og skal gjere sine vanlege undersøkingar. Så skal Røde Kors hjelpe Luftambulansen med å få transportert ut vedkommande.

fleire
Foto: Arne Veum

Leiar i Aurland Røde Kors, Steinar Grønsberg, opplyser til NRK at eit mannskap på fem tok ut frå Vassbygdi like over klokka 1630. Om lag samstundes landa luftambulansen ved skytebanen i Vassbygdi.

– Jobben vår er å frakte den omkomne til nærast moglege landingsplass for luftambulansen, seier Grønsberg.