Hopp til innhold

Kvinne frykta ho skulle bli valdteken

Mannen i 30-åra ville følge kvinna heim, men då ho nekta følgde han etter ho og tvang handa ned i buksa på ho. Kvinna frykta at ho skulle bli valdteken.

No er sunnfjordingen dømd til 45 dagar fengsel på vilkår og til å betale ei oppreisning på 5000 kroner til kvinna for hendinga.

Det var natt til 29. desember i fjor at mannen og kvinna møttest på ein utestad i Florø. Då kvinna ville gå heim, insisterte mannen på å følgje ho.

Ifølgje domen vart mannen etter kvart nærgåande. Ho prøvde å kome seg fri for å gå aleine, men at mannen då klengte seg på ho og ville ha ho med på «nachspiel», noko ho avviste.

I retten forklarte kvinna at mannen tok tak i armen hennar og drog ho med seg. Ho bad han sleppe taket, noko han nekta å gjere. På eit tidspunkt løfta han ho opp og bar ho over ein veg og spurte «Kvifor er du så j ... sta».

Litt seinare bestemte kvinna seg for å gå til huset til bestefar sin for å unnslippe den innpåslitne mannen.

Utanfor huset til bestefaren møtte ho på mannen igjen. Han drog ho til seg, heldt ho fast og førte handa si ned i buksa hennar. Ho klarte å kome seg laus, men mannen følgde etter inn i bestefaren sitt hus.

– Ho bad igjen om at han måtte gå derifrå og at ho ville ringe politiet om han ikkje gjekk. Men han ville inn, og spurte igjen kvifor ho ikkje likte han. Etter ei stund høyrde ho at han gjekk derifrå, skriv Fjordane tingrett i domen.

Retten finn ingen grunn til å tvile på forklaringa til kvinna, men stolte på ingen måte på tiltalte si forklaring som var sprikande.

– Handlingane hans var eigna til å framkalle alvorleg frykt, meiner retten.