NRK Meny
Normal

Kvinne frikjent for grovt underslag

Ei kvinne som var tiltalt for underslag av over 800.000 kroner, blei trudd av retten og er no frikjent.

Oslo tingrett sal 250 - tom

FRIKJENT FOR UNDERSLAG: Kvinna har heile tida hevda ho er uskuldig i det grove underslaget. Onsdag vart ho frifunne i Oslo tingrett.

Foto: Øyvind Bye Skille

Kvinna frå Austlandet var tidlegare tilsett i butikkjeda Audhild Viken. Kjeda er opphavleg frå Sogn og Fjordane og sel husflidsvarer, gåver og klede i eit tjuetals butikkar over heile landet.

I jobben hadde ho mellom anna ansvar for kontantar og kontroll av kassaoppgjeret.

Hausten 2012 vart det oppdaga avvik i rekneskapa til Audhild Viken i Oslo. Granskinga viste at til saman 808.998 kroner frå 108 nattsafeposar ikkje hadde blitt sett inn på konto. Kvinna vart mistenkt for underslaget og fekk seinare sparken.

I tida kvinna var tilsett sette ho inn 83.100 kroner på sin eigen bankkonto, som ikkje kom frå arbeidsgjevaren. Denne summen har ho gjeve ei forklaring på, som retten ikkje såg vekk frå kan vere riktig.

I dommen står det at kvinna ikkje hadde bil og at ho verka å ha ein nøktern livsførsel, også på utanlandsreiser.

Retten fann ikkje prov på at pengane har gått til kvinna, eller at ho med vilje har medverka til at andre har tileigna seg pengar frå oppgjeret.

Aktor hadde lagt ned påstand om at den tiltalte kvinna skulle dømmast til fengsel i ti månader, der nitti dagar skulle vere på vilkår med ei prøvetid på to år. Kvinna har heile tida hevda at ho var uskuldig.

Onsdag vart ho frifunne i Oslo tingrett. Dommen var samrøystes.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.