Normal

Frådømt retten til å halde dyr - inspektørane vassa til knes i møk

Då Mattilsynet kom på inspeksjon vassa dei til knes i møk, og fann dei dyr i fjøset som låg daude i møka.

Fjordane tingrett

GROVT AKTLAUST: Kvinna freista å tine fôr til dyra med eit elektrisk teppe, og hogge laust fôr etter kvart som det tina opp.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Ei kvinne i 70-åra budde saman med dotter si på gardsbruket i Sogn og Fjordane. Dottera stod også tiltalt for fleire brot på dyrevelferdslova, men retten har frifunne henne.

Det var etter å ha motteke ei uromelding at Mattilsynet dukka opp på garden til kvinna i august 2013. Då inspektøren med hjelp frå to politibetjentar fekk tatt seg inn i fjøsen, vassa dei møk til knea og at det var møk over alt.

Fann daude dyr

I tillegg fann dei fire daude sauer, tre daude storfekalvar, to daude kyr og ein okse. Hovudet på oksen skal ha vore synleg, medan kroppen var gravlagt i møk. Ei av kyrne var berre skjelettet att av.

I fjøsen var det ikkje straum, og vindauga var dekte til. Inst i fjøsen låg det så mykje møk i haugar at det var omdanna til jord.

I retten forklarte kvinna at dyra døydde vinteren 2012/2013. Det var svært kaldt denne vinteren, og kvinna fortalde i retten at ho ikkje fekk tina fôret i sekkane. Då freista kvinna å tine dei opp ved hjelp av eit elektrisk teppe gjekk straumen i fjøsen. Ho fekk berre fôra dyra med det ho til ei kvar tid klarte å hogge laus.

Ved fleire høvde skal vatnet på garden ha frose slik at det også vart problem med å skaffe dyra nok vatn.

Handla grovt aktlaust

Når det gjeld dyreavføringa, forklarte kvinna at luka til møkakjellaren også fraus fast, og deretter fraus også møka fast i fjøsen.

Kvinna i 70-åra vedgjekk at ho ikkje hadde fortalt nokon om forholda i fjøsen, og at ho ikkje hadde tenkt på å sende dyra til naudslakting. Kvinna anslo at dyra døydde med ein fjorten dagars mellomrom. Det festa ikkje retten lit til, dei meinte at dyra måtte ha døydd over eit ganske langt tidsrom.

Retten fann det bevist at kvinna handla grovt aktlaust når det gjeld å sikre dyra fôr og vatn, og at kvinna handla omsynslaust mot dyra og uoppmerksam på dyra sine behov.

Kvinna må sone 5 månadar i fengsel, og Fjordane tingrett frådømde kvinna retten til å eige, halde, bruke og stelle eller på annan måte ha ansvar for alle typar husdyr for ein periode på 15 år.

Vegopning på Bergum i Førde kommune