NRK Meny

Kvinne døydde etter feil diagnose

Politiet vurderer å etterforske Helse Førde etter at ei kvinne i 20-åra døydde brått.

Artikkelen er flere år gammel.

Kvinna var lagt inn på Førde sentralsjukehus med mistanke om blodpropp i lungene. Helsepersonell som behandla kvinna fann ut at det var lungebetennelse som kvinna var sjuk av og stogga behandlinga av blodpropp. Få veker etter utskriving døydde kvinna, skriv Bergens Tidende.

- Ikkje forsvarleg

No har politiet bede Statens Helsetilsyn sentralt om ei vurdering av saka for å finne ut om dei skal etterforske dødsfallet. Obduksjonsrapporten viser at kvinna døydde av ein massiv blodpropp i lungene.

- Vi meiner at behandlinga kvinna fekk ved Førde sentralsjukehus ikkje var forsvarleg, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar, til avisa.

For rask konklusjon

Øgar seier kvinna hadde symptom og andre risikofaktorar som kunne tyde på blodpropp.

- Sjukehuset fall for raskt ned på ein annan konklusjon, og gjorde for lite for å utelukke diagnosen, legg fylkeslegen til.

Også Helsetilsynet i Hordaland konkluderer slik fylkeslege Øgar har gjort. Det er no opp til Statens Helsetilsyn sentralt å vurdere saka, før politiet avgjer kva dei gjer vidare.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar