Kvinne dømt til seks års fengsel for drapsforsøk

Gulating lagmannsrett har dømt ei kvinne i 30-åra til fengsel i seks år for å ha forsøkt å drepe ein eldre mann med kniv i Flora sommaren 2017.

Gulating Lagmannsrett i Bergen

DØMT TIL SEKS ÅRS FENGSEL: Kvinna i 30-åra anka dommen frå Sogn og Fjordane tingrett. No har Gulating lagmannsrett også dømt henne til fengsel i seks år.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Lagmannsretten kom med det til same avgjerd som dommen frå Sogn og Fjordane tingrett i desember i fjor.

Kvinna har sete i varetekt i 677 dagar, dette blir trekt frå fengselsstraff på seks år. Ho er som i tingretten også dømt til å betale 150.000 kroner i oppreising til mannen og ein mindre sum for utgifter han er påført.

Advokaten til kvinna seier til NRK at ho no skal vurdere ein anke til Høgsterett.

Knivstikkinga fann stad på ei øy utanfor Florø i august 2017. Mannen og den dømde kvinna skal ha vore i eit familieforhold, og det skal i lenger tid har vore ein konflikt mellom dei to.

Tok seg inn i bustaden

Ifølgje dommen skal kvinna ha teke seg inn i bustaden til mannen, og der stukke han i skulderbladet med ein kniv ho fann i huset. Mannen fekk eit ti centimeter langt sår og ein brotskade i skulderbladet.

Kvinna skal så ha gått ut av huset, for så å prøve å kome seg inn igjen. Den fornærma mannen prøvde å hindre henne, og skal då ha fått eit nytt kutt som blødde kraftig. Han blei frakta til sjukehus i luftambulanse. Skadane viste seg å ikkje vere livstrugande.

Handla med forsett

Retten meiner kvinna må ha visst at knivstikket kunne vere dødeleg, og at ho dermed handla med forsett.

Advokaten hennar, Robert Fonn, har bede lagmannsretten om å vurdere om kvinna var utilrekneleg då ho knivstakk mannen. Sjølv hevdar ho at ho var tilrekneleg.

I skjerpande retning legg retten vekt på at mannen var forsvarslaus i sin eigen heim då knivangrepet skjedde. Det verkar også skjerpande å kvinna prøvde å ta seg inn att i huset etter å ha knivstukke mannen først ein gong. Ho kutta dessutan telefonleidningen for at mannen ikkje skulle kunne tilkalle hjelp.

Mannen har fått redusert livskvalitet etter hendinga, dette meiner også retten verkar i skjerpande retning.

Ikkje tidlegare straffedømt

At kvinna var i ein vanskeleg situasjon på tidspunktet angrepet skjedde, meiner retten verkar formildande. Det er det også at kvinna har sete varetektsfengsla sidan ho blei arrestert.

Kvinna er ikkje tidlegare straffedømt.