Hopp til innhold

Kvinne dømt til seks års fengsel for drapsforsøk

Ei kvinne i 30-åra er dømt til fengsel i seks år for å ha forsøkt å drepe ein eldre mann med kniv i Flora i fjor sommar.

Sogn og Fjordane tingrett
Foto: Oddleif Løset / NRK

Knivstikkinga fann stad på ei øy utanfor Florø i august 2017. Dei to skal ha vore i eit familieforhold.

Kvinna har sete i varetekt i 497 dagar, dette blir trekt frå fengselsstraffa, heiter det i dommen frå Sogn og Fjordane tingrett. Ho er også dømt til å betale 150.000 kroner i oppreising til mannen.

Erkjende ikkje straffskuld

Hovudforhandlinga i saka fann stad i august i år, og det blei bestemt at behandlinga av saka skulle delast i to bolkar. Den tiltalte kvinna seg ikkje skuldig etter tiltalen, men retten meinte ho hadde gjort seg skuldig i drapsforsøk.

Denne månaden starta andre del av rettsbehandlinga. Straffeutmålinga sett i Sogn og Fjordane tingrett i dag, gav kvinna ei fengselsstraff på seks år. I tillegg til oppreisingssummen, må kvinna også betale den fornærma mannen 1400 kroner for påførte utgifter.

Var i konflikt

Ifølgje dommen skal ein konflikt i familien vere bakgrunnen for hendinga. Kvinna skal ha teke seg inn i bustaden til mannen, og stukke han i skulderbladet med ein kniv. Den skadde mannen skal så ha forsøkt å få kvinna ut av bustaden, og det oppstod ein «kamp» der kvinna prøvde å kome seg inn att i husværet.

Skadane gjorde at mannen blødde kraftig, og han blei frakta til sjukehus.

Retten fann det bevist utover ein kvar rimeleg tvil at kvinna handla med forsett, og ho også må ha vore klar over at knivstikk mot overkroppen med overvegande sannsyn var noko fornærma kunne døy av.

Det at kvinna prøvde å kome seg inn att i bustaden etter at stikkstaden var eit faktum, meiner retten også peiker i retning av ho hadde eit drapsforsett.

Skjerpande omstende

I straffeutmålinga har retten funne det skjerpande at kvinna sjølv oppsøkte situasjonen ved å reise for å treffe mannen. Også det at mannen var i ein sårbar situasjon og i sin eigen heim, og at kvinna verka å handle med fast forsett, verka skjerpande på straffeutmålinga.

At kvinna var ein vanskeleg livssituasjon, har verka i noko formildande retning.