Hopp til innhold

Kvinne dømd for underslag mot bror sin

Kvinna i 60-åra slepp å sone straffa, men må betale nær ein halv million i erstatning etter at ho underslo pengar frå bror sin.

Sogn og Fjordane tingrett, Sogndal
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kvinna, som var hjelpeverje for bror sin, var tiltalt for å ha underslått nær 600.000 kroner over ein periode på seks år. Retten meinte underslaget var kring 100.000 mindre, men såg likevel underslaget som eit alvorleg tillitsbrot mot sin psykisk utviklingshemma bror.

Kvinna erkjende straffskuld då saka var oppe i Sogn og Fjordane tingrett i vår.

Slepp i fengsel

Fengselsstraffa på seks månader blir gjort på vilkår med prøvetid på to år. Dette betyr at kvinna ikkje treng å sone straffa dersom ho ikkje gjer nye lovbrot dei neste to åra. Kvinna må også betale 10.000 kroner i erstatning.

Kvinna sin forsvarar, Per Kjetil Stautland, er nøgd med dommen.

Per Kjetil Stautland

NØGD: Forsvarar Per Kjetil Stautland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er eit godt resultat for min klient. Ho erkjende straffansvar for underslag av ein relativt stor sum. Når retten då likevel dømmer ho til vilkårsbunden reaksjon, slik at ho ikkje soner noko fengselsstraff, så må eg seie meg godt nøgd med det, seier Stautland.

Dei kjem ikkje til å anka saka.

– Skuffa

Broren sin verje, advokat Anette Stegegjerdet Norberg, er skuffa.

– Me er skuffa. Både over at tiltalte tydelegvis slepp å sona i fengsel for å ha stole ein halv million kroner frå ein person med stort hjelpebehov, men også at beløpet er jamt og trutt er blitt nedjustert gjennom heile saka. Vårt syn er at ho slepp for billeg unna, seier Norberg Stegegjerdet.

Anette Stegegjerdet Norberg

SKUFFA: Verje og advokat Anette Stegegjerdet Norberg.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho og dei to andre søskena i søskenflokken har mista trua på at den fornærma broren kjem til å få tilbake pengane sine. I rettssaka kom det blant anna fram at han sparte med mål om å kjøpa eigen leilegheit.

– Han er i ein situasjon der han har behov for midlar. Midlar han har trudd han har hatt, men som er blitt teke frå han. Det ser vanskeleg ut å få det tilbake, og det skapar praktiske problem for han no.

Forsvarar Stautland fortel at kvinna har gitt uttrykk for eit sterkt ynskje om å gjere opp for seg og betale det ho kan.

– Eg legg til grunn at ho vil prøve på det, seier han.