NRK Meny
Normal

– Hadde vi ikkje kome så raskt til, så kunne dette gått skikkeleg gale

Utan to menn sin snarrådige innsats, kunne ulukka og bilbrannen i Lavik i dag ha gått langt verre. Ei kvinne i 70-åra kom frå det utan større skader.

Bjarne Hellebø på ulukkesstaden

BLEI VITNE: Bjarne Hellebø (t.h) og svogeren kom raskt til då ein bil køyrde utfor og tok til å brenne.

Foto: NRK-tipsar

Bjarne Hellebø og svogeren sat og skulle drikke kaffi då dei høyre ein kraftig smell frå fylkesvegen som går like forbi huset, nokre kilometer vest for Lavik ferjekai.

– Vi høyrde først ein forferdeleg smell. Så starta bilhornet og ule og så kom ein ny smell. Svogeren min langa opp i vegen og eg følgde etter, fortel Hellebø til NRK.

Medan han ringde naudetatane, fekk svogeren knust bilrutene før han sprang og henta brannsløkkingsapparat. Ein frå Vegvesenet kom tilfeldig til staden og fekk skrudd laust batteriet slik at det ikkje tok fyr på nytt.

– Hadde ikkje vi fått tak i eit brannsløkkingsapparat, så hadde det ikkje vore så mykje vi kunne gjort. Hadde vi ikkje kome så raskt til, så kunne dette gått skikkeleg gale, slår Hellebø fast.

Ulukka skjedde i føremiddag og fylkesveg 607 mellom Lavik og Leirvik var stengd i ein lengre periode.

Ulukke i Lavik, bilvraket

KØYRDE I FJELLVEGGEN: Bilen tok fyr etter å ha køyrt i fjellveggen.

Foto: NRK-tipsar

Vegopning på Bergum i Førde kommune