NRK Meny
Normal

Kvinne (41) til Haukeland med luftambulanse

Ei 41 år gamal kvinne er sendt til Haukeland sjukehus etter ei sykkelulukke.

sykkelvelt

FLEIRE SKADDE: Det var eit følgje på ni personar som var involvert i ulukka på riksveg 5 ved Eikefjord. Tre av dei vart frakta vekk i ambulanse.

Foto: NRK-tipsar

– Dette er den verste beskjeden ein kan få, seier leiar i Florø Cykleklubb, Jens Petter Kjelsnes.

Tre personar i eit sykkelfølgje på ni frå Florø Cykleklubb, er skadde etter sykkelulukka som skjedde på riksveg 5 ved Eikefjord i Flora kommune i 12.30-tida søndag.

Luftambulanse til Haukeland

Ei kvinne på 41 er sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus, alvorleg skadd. I tillegg er to menn på 51 og 55 år lettare skadd.

Luftambulanse, politi og helsepersonell rykka ut tilulukkesstaden.

– Fire personar er skadde, ein person har vore medvitslaus, meldte politiet like før klokka 13.

Den eine av dei skadde er ifølgje politiet hardt skadd. To personar er frakta til Førde sentralsjukehus med ambulanse, medan ein tredje person er send dit med luftambulanse. Ho blei seinare sendt til Haukeland sjukehus. Den fjerde skadde vart sjekka ut av helsepersonell på staden.

– Fekk sjokk

Kjelsnes

- VERSTE BESKJED EIN KAN FÅ: - Vi veit at slike ting kan skje, men eg fekk sjokk då eg fekk beskjeden, seier leiar i Florø Cykleklubb, Jens Petter Kjelsnes seier

Foto: Privat

Leiar i sykkelklubben var ikkje sjølv til stades då ulukka skjedde, men fekk høyre om ulukka like etter.

– Eg fekk sjokk då eg fekk beskjeden.

Han har snakka med fleire av dei involverte og fortel at klubben skal treffast søndag for snakke om hendinga.

– Vi er klar over at slike ting kan skje, men det er jo noko ein alltid forsøker å unngå. Når det først skjer, er det veldig leit, seier Kjelsnes.

Uviss årsak

Årsaka til ulukka er førebels uviss, men ifølgje politiet var det ein av dei ni syklistane som ramla og tok med seg fleire i fallet.

– Det er små marginar det er snakk om når ein syklar i så høg fart. Ein ligg tett samla på grunn av trafikk.Eg veit det er dårleg asfalt i området, men det er vanskeleg å seie kva ulukka skuldast.

Oppretta sak

Operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Politidistrikt Vest i Florø seier det er oppretta sak på forholdet og at hendinga rutinemessig blir etterforska. Ingen andre køyretøy var involvert.

Riksveg 5 var ein periode stengd på staden, men opna i 14-tida for normal trafikk.

Syklistar skadd i velt på riksveg 5 ved Eikefjord

TRENING: Dei ni syklistane skal ha vore på ein treningstur då ulukka skjedde.

Foto: Margunn Bakke
Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.