NRK Meny
Normal

Kvinne (64) alvorleg skadd etter utforkøyring

Ei 64 år gamal kvinne er innlagt på Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader etter ei utforkøyring på fylkesveg 55 ved Kvamsviki i Sogndal kommune. Politiet trur føraren var uoppmerksam då ulukka skjedde.

Trafikkulukke på fylkesveg 55 ved Kvamsviki i Sogndal kommune

UTFOR VEGEN: Personbilen vart ståande med fronten inn i ein steinmur ved sidan av vegen etter ulukka på fylkesveg 55 i Sogndal kommune.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 17 søndag ettermiddag. Det var ein personbil som hadde køyrd av vegen og hamna i grøfta i ei venstrekurve.

Politiet har gjort undersøkingar på staden. Ut frå det dei veit førebels er det ikkje noko som tyder på at bilen har hatt stor fart då ulukka skjedde.

– Ut frå observasjonar og åstadsundersøking kan det sjå ut som at førar kan ha vore uoppmerksam då ulukka skjedde, melder politiet på Twitter like over klokka 18.

Flogen vekk med skader i ryggen

Det var to personar i bilen. Føraren, ein mann i 60-åra, er teken hand om av helsepersonell og frakta vekk frå staden i ambulanse. Mannen vart send til lokal legevakt for sjekk.

Passasjeren, ei 64 år gamal kvinne, skal ha fått ryggskadar og vart henta med luftambulanse og sendt til Haukeland universitetssjukehus. Helse Bergen opplyser søndag kveld at kvinna er alvorleg skadd.

Har oppretta sak

Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe vart varsla om hendinga, men rykte ikkje ut.

Operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Vest politidistrikt i Florø seier det rutinemessig er oppretta sak på ulukka. Hendinga blir etterforska vidare.

Både politi, ambulanse og brannvesen rykte ut etter melding om ulukka. Utforkøyring skjedde i Kvamsviki, som ligg vel fire kilometer frå Sogndal sentrum i retning Luster.

Vegen var ein liten periode heilt stengd på grunn av ulukka, men opna kort tid etter for manuell dirigering medan politiet gjorde undersøkingar. Då bilen vart fjerna av bilbergar var vegen heilt stengd att, men klokka 17.55 melder politiet på Twitter at vegen er opna for fri ferdsel.

Trafikkulukke i Kvamsviki på fylkesveg 55 i Sogndal

ULUKKE: Ulukka skjedde ved Kvamsviki på fylkesveg 55, like ved kommunegrensa mellom Sogndal og Luster.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.