Hopp til innhold

Kvinna hadde berre oppkøyringa att - no må ho svare for ein alvorleg frontkollisjon

Kvinna mangla berre oppkøyringa før ho med rette kunne køyre bil åleine. På Hemsedalsfjellet gjekk øvingskøyringa veldig gale.

Trafikkulukke på Hemsedalsfjellet

ALVORLEG: To kvinner i den møtande bilen vart sendt til sjukehus med alvorlege skader etter frontkollisjonen på Hemsedalsfjellet for eitt år sidan.

Foto: Jan Christian Jerving

Kvinna i 30-åra frå bergensområdet møter neste veke i Sogn tingrett tiltalt for aktlaus køyring og lekamsskading.

Retten må ta stilling til om det er ho som skal straffast for frontkollisjonen som skjedde under forbikøyring av ein bil med campingvogn . To kvinner i 20-åra vart hardt skadde i ulukka.

– Det er påtalemakta sitt syn at forbikøyringa aldri burde funne stad, seier politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg.

Vart hardt skadde

Anette Stegegjerdet Norberg

JURIST: Anette Stegegjerdet Norberg skal aktorere saka i Sogn tingrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var på kvelden 16. mai i fjor at ulukka skjedde ved Eldrevatnet på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Vegen var stengd i to timar på grunn av frontkollisjonen.

Føraren av den møtande bilen vart send til sjukehus med brotskadar i begge anklane, hjerneristning og sårskade. Passasjeren fekk ifølgje tiltalen mellom anna brotskadar i arm og fot, samt forstuing av handledd og kvesta brystkasse.

– Begge vart hardt skadde og fekk varige skader, seier Stegegjerdet Norberg.

Kort tid til oppkøyring

Påtalemakta meiner kvinna låg for tett til campingvogna til å ha sikt over møtande trafikk. Likevel vart forbikøyringa gjennomført.

Då ulukka skjedde hadde kvinna kort tid att til oppkøyringsprøva.

Forsvarar Jan Arild Rømmen seier det er ei interessant og uvanleg sak, som han av prinsipp ikkje ynskjer å kommentere. Men:

– Dei faktiske forholda er det ingen tvil om, men så blir det opp til retten å vurdere om det er den ansvarlege for bilen, eller den som øvingskøyrer, som skal dømmast.

Droppa tiltale mot mannen

Etter vegtrafikklova er det den ansvarlege i bilen, den som har førarkort, som objektivt er ansvarleg for bilen. I den aktuelle ulukka sambuaren til kvinna.

Han vart fråteken førarkortet etter ulukka, men fekk det att seinare. Politiet meiner han gjorde det han kunne for å hindre forbikøyringa, og har difor ikkje teke ut tiltale mot mannen.

– Det er gjort av totalvurdering av situasjonen, både i høve til kor mykje tid tiltalte hadde til å ta førarkortet og kva følgjeperson gjorde då forbikøyringa starta. Det har gjort at ein ut frå heilskapen har konkludert med at det berre skulle takast ut ein tiltale, og at det var mot føraren, seier politiadvokat Stegegjerdet Norberg.

Har erkjent

Etter det NRK kjenner til køyrde kvinna opp veka etter ulukka på Hemsedalsfjellet, men ho vart fråteken førarkortet etter kort tid. Etter ei tid fekk også ho førarkortet att. Tap av førarretten vil venteleg bli tema i rettssaka.

Kvinna har langt på veg erkjent dei faktiske forholda i saka. Politiet meiner saka likevel ikkje eignar seg som ein tilståingsdom.

– Bakgrunnen er at dette med aktsemd, og om førar var tilstrekkeleg aktsam, treng ein bevisførsel om før ein kan seie det sikkert, seier Stegegjerdet Norberg.

– Det er også teke ut tiltale på eit alvorleg forhold, straffelova paragraf 238 med strafferamme på tre år, legg politiadvokaten til.