Hopp til innhold

Kviknes har renovert for over 35 millionar

BALESTRAND (NRK): I år kan Kviknes Hotel tilby gjestene sine noko heilt nytt, men etterspurt.

Sigurd Kvikne

I MÅL: – No har vi avslutta den vesentlege romoppgraderinga, strålar direktør Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotel.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

25 millionar kroner i fjor, og over ti millionar kroner i vinter. Det over 100 år gamle hotellet i Balestrand har vore gjennom litt av ei renovering.

Spiret på midttårnet til Kviknes Hotel

SPIRET: Det 100 år gamle spiret trengde reparasjon i vinter. – Så flott som det vart gjort, så reknar eg med at det blir 100 år til neste gang, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi har tatt 26 rom i den moderne avdelinga, og seks nye baderom og rom i det historiske bygget. Etterspurnaden etter historiske rom er veldig stor, og dette er rom vi eigentleg ikkje har brukt til no sidan dei ikkje har fjordutsikt. No sel vi også desse, fortel direktør Sigurd Kvikne.

– Perfekt opning

Dei historiske romma har framleis historisk interiør og ramme, men bada er topp moderne. 1. mai stod dei klare. Akkurat i tide til helgas Balejazz.

– Det var ei svært god timing, med fullt hus og stormande jubel, gliser Kvikne og vedgår at opprustinga vart kostbar.

Kviknes Hotel

KVIKNES: Hotellet i sveitserstil er medlem av De Historiske Hotel og Spisesteder. Det historiske bygget var Noregs største trebygning då det stod ferdig i 1913.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi tok alle korridorar, infrastruktur, bytte dørene tilbake til gamaldagse kvite fyllingsdører som stettar brannkrava. Dei er det ikkje mange som lagar, så det vart dyrt. Men det var verdt det, seier han.

Pussa opp tårnet

Sigurd Kvikne

DIREKTØR: Sigurd Kvikne kom med i leiinga for familieverksemda Kviknes Hotel frå 1986.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Om ikkje dette var nok fekk hotelldirektøren seg ei kjedeleg overrasking like over nyttår. Eitt av romma i det historiske bygget hadde ein lekkasje.

– Då vi følgde dropen, så kom vi til toppen av midttårnet. Så då var det opp med stillas og ned med skifer og blikk. Til slutt oppdaga vi at det store spiret heldt på å ruste og falle frå kvarandre. Til slutt måtte vi ta heile spiret, fortel Kvikne.

– Blir det fleire oppussingsprosjekt før neste sesong?

– Det er tæring etter næring, men blir det ein ny god sesong, så har vi alltid prosjekt vi kan bruke pengar på.