Hopp til innhold

Kvikne gir ikkje opp Englandsbåten

Turistnæringa på Vestlandet har tapt store pengar på bortfallet av Englandsbåten. Hotelldirektør Sigurd Kvikne meiner Staten må medverke til at ruta kjem i gang att.

Sigurd Kvikne

ETTERLYSER: Sigurd Kvikne meiner bortfallet av Englandsbåten har fått så store følgjer at Staten må bå bana.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ruta mellom Bergen - Stavanger - Newcastle vart lagt ned 3. september 2008. Det har overnattingsstadane merka godt, med 240 000 færre gjestedøgn.

På trass av sterke ynskje frå reiselivet, vil ingen ta opp att ruta, skriv bt.no.

- Dette er ei så alvorleg næringspolitisk sak at eg meiner styresmaktene bør bidra for å legge endåmeir til rette slik at ein får tilbake ruta og finn ein operatør som er villig til å operere, seier Sigurd Kvikne til NRK.

Halvert marknad

Han er fjerdegenerasjonsvert ved Kvikne's Hotell i Balestrand. Etter at båten slutta å gå for vel to år sidan, har hotellet halvert den britiske marknaden. I 2009 tapte hotellet 4 000 gjestedøgn.

- Då fekk vi full effekt av dette. 2010 hadde vi ein liten auke, men vi er langt frå på same nivå, seier Kvikne til NRK.

- England var den viktigaste utanlandsmarknaden vår og vi merka med det same kraftig tilbakegang av britiske gjester då sambandet vart lagt ned, legg han til.

Gir ikkje opp

Reiselivsaktørar har betalt for ein rapport som konkluderer med at ruta er lønnsam - så sant ein får det rette fartyet. Det er nettopp på grunn av det alvorlege sviktet i gjestedøgn at Kvikne meiner styresmaktene må på bana slik at ruta kjem opp att.

Til no har det ikkje lukkast næringslivskreftene å finne ein slik operatør.

- Det er veldig, veldig tragisk. Eg veit at det framleis blir jobba med å finne ein operatør, men det blir nok vanskeleg, seier han og ikkje heilt vil gje opp håpet om å få Englandsbåten attende.