Hopp til innhold

Kvifor blei budeia Kristi drepen?

Segna fortel at budeia Kristi blei drepen med kaldt blod og gøymd under ein stein i det som i dag heiter Kristidalen.

BLEI DREPEN: Ifølgje segna blei budeia Kristi drepen fordi ho var blitt med barn. Her i moderne versjon med Elin Turvoll i rolla som Kristi.

Namneserien Nomino tek føre seg ei av mange segner og vandrehistorier som seinare har blitt til stadnamn. For Kristi sin del var det ein brutal død som førte til at den vesle dalen på Vangsnes i Vik kommune i Sogn fekk namnet Kristidalen.

Serieskapar Gøril Grov Sørdal valde å bruke lokale skodespelarar til å skildre dramatikken som sette så sterke spor etter seg hendinga fekk eige stadnamn.

– Eg er veldig nøgd. Det var aldri noko problem å få nok folk og vi fekk både prest og fut. Kvinner og menn stilte på, fortalde Sørdal etter at opptaka var unnagjort.

Ei svært dramatisk historie

I denne episoden får vi svaret på kva som skjedde med budeia Kristi, og ikkje minst korleis folket på den tida brukte uvanlege metodar for å finne gjerningsmannen.

Gøril Grov Sørdal nomino

OPPTEKEN AV NAMN: Gøril Grov Sørdal har laga to sesongar om namn på NRK.

Foto: NRK

Svært mange stader i Norge har stadnamn oppkalla etter hendingar, anten heilt reelle, eller som i dette tilfellet basert på eit segn som har gått frå munn til munn i mange generasjonar.

– Det er ei verkeleg dramatisk historie som ligg bak stadnamnet Kristidalen, og det blir godt skildra, saman med andre historier om spesielle stadnamn, seier Gøril Grov Sørdal.

– Må ha lokal kunnskap

Kristian Solvang frå Førde har forska på stadnamn og forstår godt at folk stadig undrar seg over kvifor staden dei bur heiter det den heiter.

– Eg får stadig spørsmål frå folk som lurer på dette med namn. Det er ikkje alltid eg kan svare på ståande fot, og nokre stadnamn er det og vanskege å forklare, seier Solvang. Skal ein vere ein god tolkar av stadnamn, må ein ha mykje lokal kunnskap, fortel Solvang til NRK.