Hopp til innhold

Kvernhaugtunnelen blir ikkje stengd

På grunn av kuldegrader er det planlagde arbeidet med sprutbetong i Kvernhaugtunnelen på Fv. 55 utsett på ubestemt tid.
Tunnelen blir difor ikkje stengt som tidlegare varsla. Kuldeperioden vil vare ei stund, og vegvesenet vil kome tilbake med ny informasjon seinare, ifølge ei pressemelding frå Statens vegvesen.
Det er likevel arbeid på dagtid i tunnelen og bilistar må følge følgjebil.