NRK Meny
Normal

I fjor vann Vreid, kven vinn Luttprisen 2013?

I fjor vart Vreid årets artist frå Sogn og Fjordane. No kan du vere med og røyste på den du meiner bør vinne i år.

Vreid fekk prisen som årets artist i fylket under Julelutt 2012.

Vreid fekk utdelt Luttprisen 2012 frå Oddvar Torsheim i Trivselshagen på Sandane i fjor.

Luttprisen er NRK Sogn og Fjordane si kåring av årets artist frå fylket. I tillegg til heider og ære får vinnaren eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest og eit spesialtrykk av Oddvar Torsheim.

Eva Weel Skram får Luttprisen 2011

Her får Eva Weel Skram utdelt Luttprisen 2011 i Førdehuset under Julelutt. Det var også den gang Oddvar Torsheim som stod for utdelinga.

Foto: Øystein Torheim/NRK.

Ein jury har plukka ut dei tolv finalistane som no er i finalen for årets Luttpris. Siste frist for å levere røyster er torsdag 14. november klokka 12.00. Deretter vil røystene frå folkejuryen og fagjuryen bli sett saman og vinnaren bestemt.

Luttprisen 2013 vert delt ut under den store konserten med Kringkastingsorkesteret i Operahuset Nordfjord fredag 15. november klokka 1900.

1. Iselin Solheim

Iselin Solheim frå Naustdal har hatt ein av dei mest spelte norske låtane på NRK P1 i år. Ho låg på NRK P1 si a-liste i store delar av våren i år med låta The Wizard of Us. Dette er første singel frå hennar komande album. Iselin har også vore med på ei rekkje konsertar, m.a. NRK Sommarlutt i løpet av året. Ho gav seint i haust også ut oppfølgarsingelen Oracle, og debutplate er venta i løpet av 2014. Musikksjefen i NRK P1 gav Iselin 8 av 10 poeng for debutsingelen i vår.

2. Good Time Charlie

Good Time Charlie feirar 30 år i 2013, og dette markerer bluesbandet med heile to album. Dei har gitt ut eit album som samlar historia til bandet musikalsk, men dei har også forsøkt seg på ein ny sjanger. På Buldreblues og Blåsus framfører dei tekstar og melodiar for born på dialekt. Dette likte ungane godt! Good Time Charlie har hausta terningkast 5 mellom anna i Bergensavisen for denne plata.

3. Olav Stedje

Olav Stedje kom med sitt 13. soloalbum i haust. Tittellåten «Vest for verdas ende» suste rett inn på spelelista til NRK P1. Sogndølen er saman med Tone Damli den største plateartisten frå Sogn og Fjordane, og var vår første popartist. Også denne gongen har han samarbeidd med sterke namn som Finn Tokvam, Svein Dag Hauge og Ingvar Hovland. Musikkmeldar i NRK P1, Finn-Ulrik Berntsen, likar godt lyden av Stedje i 2013.

4. Tone Damli Aaberge

Tone Damli er den største popartisten frå Sogn og Fjordane. Ho har også etablert seg som ein av dei største kjendisane i Norge, og er svært synleg i media. I år har Tone fått mykje radiospeling, ho var idoldommar, deltok i svensk Melodi Grand Prix og mange har sett videoane til singlane ho har har gjeve ut.

5. Erlend Apneseth

Den unge folkemusikaren frå Jølster vann i fjor debutantprisen til selskapet Grappa, og i år kom han ut med sitt første soloalbum. Han er i ferd med å etablere seg som ein av dei mest spennande folkemusikarane i landet med eit moderne utrykk, men har samstundes beina trygt planta i tradisjonsmusikken. Bergens Tidende gav Apneseth terningkast 5 i si platemelding av albumet Blikkspor.

6. Line Dybedal Vederhus

Line frå Selje har vore aktuell både som soloartist og saman med bandet sitt, The Pink Robots, i løpet av 2013. Hennar julesingel vart til vintersong, og var å høyre på P1 til ut på våren. Seinare på året var The Pink Robots klare med album. Line er allsidig og beveger seg innan ein brei variasjon av musikk.

7. Karl Seglem

Karl Seglem gav i år ut sitt nye album «nyesongar.no» . Han er ein av Norges beste jazzmusikarar, og er også ein verdsmusikar som turnerer like mykje i landet som ute av landet. I haust har han mellom anna vore på Europaturne med den nye plata si. Aftenposten gir plata terningkast 5 og kallar stemningane ei toneverd full av lyrisk indre ro, som gir stort rom for refleksjon.

8. Linda Gytri

Linda frå Oldedalen i Stryn er ein av landet sine sterkaste folkemusikkutøvarar på trekkspel. Med sitt sterke album «Umbra» hausta ho mange gode kritikkar. Ho har nett avslutta ein spennande turne i India, og var ein av dei nominerte til årets folkelarmpris.

9. Eye Emma Jedi

Bandet med Alexander Pavelich frå Nordfjordeid i spissen held fram med å imponere. Dei starta vinteren med å spele inn sitt komande album i løpet av 100 dagar i Spania. Deira første singel er alt godt etablert på NRK P3 sine spelelister, den sjette på rad som er på denne lista, og det nye albumet er like rundt hjørnet. Bandet har også vore på vegen i haust, både i Europa og i Norge med stor suksess.

10. Vreid

Vreid vann Luttprisen i 2012, og gav kort tid etter ut sitt nye album «Welcome Farewell», etterfylgt av ei fantastisk rekke med gode platemeldingar. Dei reiste også på ein omfattande turne både i Norge, Europa og USA, og rett etter jul er det Japan som får besøk av svartmetallbandet frå Sogn.

11. Steinar Engelbrektson

I haust kom Steinar Engelbrektson med sitt første album på eigne bein. Nye musikarar har komme inn i prosjektet, og Engelbrektson lagar no mykje meir av låtane sjølv. «Ekte speleglede» heiter albumet til mannen som av mange vert kalla dansebandkongen i Sogn og Fjordane. Albumet lanserer han første helga i november, og han er saman med bandet klar til å spele mykje framover.

12. Unni Løvlid

Folkemusikaren Unni Løvlid frå Hornindal kom i år ut med sitt første album på fem år. På Lux leverer ho religiøse folketonar og ein bånsull frå Sogn og Fjordane inn i ei heilt ny musikalsk verd. Også duoen Draup frå Stryn med sitt glasspel er med på albumet. Bergens Tidende sin meldar gav albumet terningkast fem.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå