Hopp til innhold

Kven skal ut? Bla på bildet så får du svaret!

Ved å bla på bildet får du svaret på kven som blir kutta i Fylkestinget ved dei ulike forslaga til kutt i Fylkeskommunen. Kjende politikarar skal slankast vekk. Så kven må ut?

Fylkeskommunen skal kutte 230 millionar kroner over fem år, og då må politikarane sjølve stramme inn livreima.

Eit fleirtal vil redusere dagens fylkesting frå 39 til 31 personar. Høgre vil gå heilt ned til 25. Etter lova kan det ikkje vere færre enn 19.

Utfall ved ulike kutt

Som eit eksperiment har NRK sett på førre valresultat, og vurdert kven som ikkje ville ha kome inn med dei ulike kutta.

Ved å gå ned til 31 medlemmer ville Ap og Sp miste 2 kvar, Høgre, Venstre, KrF og SV ville miste kvar sin. Frp ingen. Den raudgrøne blokka ville framleis ha fleirtal, og Ap ville framleis vere ein større enn Sp, og dermed truleg få fylkesordføraren.

Men kven ville vi mista?

Tidlegare fylkesleiarar Norunn Lunde Furnes i KrF og Marit Barsnes Krogsæter ville vore ute. Det same med Sp-kronprins Aleksander Øren Heen og SV-nestor Jan Olav Fretland. Ap ville mista Fjaler-ordførar Arve Helle og Helen Hjertaas frå Vågsøy.

Ville mista plass

Helen Hjertaas er tiltenkt ein topplass ved neste val.

– Eg tenkjer vel at eg har kloke hovud framfor meg på lista i Arbeidarpartiet.

Helen Hjertaas i Vågsøy Ap

VILLE MISTA PLASS: Helen Hjertaas meiner politikarane må tole å bli kutta.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Men du er jo tiltenkt ein topp-plass av nominasjonsnemnda under årets val?

– Ja, men det at eg er på ein topp-plass betyr ikkje at dei ikkje er godt kvalifiserte dei andre kandidatane.

Ho er mest oppteken av at også dei som politikarar må tole kutt.

– I ein situasjon der fylkeskommunen står overfor så alvorlege kutt, er det viktig at vi alle tar dette innover oss, og då er det også rimeleg at ein ser på kvar ein politisk kan kutte.

Ville også mista plass

Høgre har føreslått å gå lenger enn alle andre, og vil kutte ned til 25 i fylkestinget. Totalt ville Ap då miste 4, Sp og Høgre 3 kvar, og resten av partia 1 kvar. Deriblant sitjande fylkesleiar Arve Mjømen i nettopp Høgre.

– Vi meiner at politikarane og må vere ein part i dette. Det er betre å skjerme ein skule eller ein klasse enn politikarane, seier Mjømen.

Arve Mjømen

IKKJE KRISE: Høgre vil kutte ned til 25 representantar i fylkestinget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men viss ein hadde gått ned til 25 representantar ved førre val så hadde ikkje du komme inn på fylkestinget?

– Det er sikkert rett og utan at eg skal karakterisere det som ei katastrofe, seier Mjømen.

Eit fylkesting må minimum ha 19 representantar. Ingen har føreslått så store kutt, men for ordens skuld har vi sett på også det alternativet. Ap og Sp ville mista 5 kvar, Høgre 4, KrF og Venstre 2 kvar, og SV og Frp 1 kvar.

Då ville mange sitjande og tidlegare ordførarar roke ut. Som Nils Gjerland og Gunn Åmdal Mongstad frå Sp. Ole Gunnar Krakhellen frå Høgre. Og Alfred Bjørlo frå Venstre.

Val-ekspertens vurdering

Sekretariatsleiar i fylkeskommunen, Knut Henning Grepstad, oppsummerer.

– Ein ville framleis ha hatt same talet på parti i fylkestinget. Ingen parti ville ramle ut av fylkestinget. Uavhengig av talet på representantar i det nye fylkestinget, så vil styrkeforholdet verte som i dag.

Knut Henning Grepstad.

VALEKSPERTENS DOM: Knut Henning Grepstad trur ikkje ein reduksjon i talet på fylkestingsrepresentantar vil gå utover demokratiet.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

– Enkelte har vore uroa for ei svekking av demokratiet ved å gå ned i talet på fylkestingsrepresentantar?

– Eg trur ikkje det vil svekke demokratiet. Det vil berre vere færre personar som er med og tek avgjerdene.

Og det vil vere færre kommunar som blir representerte. Men heller ikkje Høgre-leiaren er uroa.

– Nei eg trur ikkje det vil svekke demokratiet. Det vil vere færre politikarar i sving, men partia fungerer jo likevel, seier Mjømen.