Hopp til innhold

Kven får Luttprisen? No kan du røyste på din favoritt

I fjor vart Thea Hjelmeland kåra til årets artist frå Sogn og Fjordane. No kan du vere med å bestemme kven som skal få årets pris.

Thea Hjelmeland får Luttprisen
Foto: Christian Blom / NRK

Publikum og ein fagjury har nominert og plukka ut 20 artistar frå Sogn og Fjordane til Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane 2015.

No kan du levere inn di røyst til din favoritt. Fredag 13. november presenterer vi fem finalistar med flest røyster frå publikum og jury.

Prisen vert delt ut under NRK JuleLutt direkte frå Høyanger 18. november klokka 1800. Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim og stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest.


PS! Du kan berre røyste ein gong per dag frå kvar IP-adresse. Siste frist er fredag 13. november klokka 0800.

Les meir om artistane under røysteskjemaet.

Laster innhold, vennligst vent..

Ketil Torbjørnsen

Ketil Thorbjørnsen spelar live i Lutt
Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Ketil Thorbjørnsen gav i år ut debutalbumet sitt Verdsmannen. Han har jobba i mange år med plata, og framfører det heile på dialekt. Thorbjørnsen er frå Høyanger, men er busett i Årdal. Han har fått gode tilbakemeldingar på plata og har spelt på store festivalar som Målrock på heimebane i Årdal og på jubileumsfesten til Høyanger tidlegare i haust.

Karl Seglem

Karl Seglem
Foto: Norsk Jazzforum

Karl Seglem feirar i år 30 år som artist ved å gi ut heile tre album. Aftenposten sin platemelder trilla terningkast seks og kallar Seglem for ein musikalsk nasjonalskatt. Seglem har i tillegg turnert i inn og utland, og vart i starten av året nominert til ein spelemann for plata han gav ut i fjor.

Line Dybedal

Line Dybedal Vederhus
Foto: Jarle H.Moe

Line Dybedal frå Selje skifta i år språkdrakt, og har gitt ut tre singlar på dialekt frå Nordfjord. Alle låtane har begeistra, og NRK har lagt alle låtane inn på spelelistene til radiokanalane sine. Line har også bak seg ei tid i bandet The Pink Robots, men i november gir Dybedal ut sitt debutalbum som soloartist på norsk.

Good Time Charlie

Good Time Charlie
Foto: Richard Schumann/Fjordblues

Bluesgruppa Good Time Charlie har eksistert i over 30 år, og har dei siste åra også laga musikk for born. I oktober gav dei ut si andre barneplate med tittelen Jubel og Skrubbsår. Platemeldar Finn-Ulrik Berntsen i NRK P1 var imponert både av låtar og tekst, og trilla terningkast fem for plata. Good Time Charlie har også turnert for ungar med musikken sin til stor suksess.

Tina Refsnes

Tina Førde Refsnes
Foto: Trude Svardal.

Tina Refsnes frå Florø har imponert mange i haust, og gir i november ut sitt debutalbum. Singelen frå plata I Dont Know gjekk rett inn på spelelista til NRK P1. Ho vart i august plukka ut til å få spele på ein av Noregs største festivalar, Øyafestivalen. Tina har musikalsk bakgrunn mellom anna frå Paul McCartney sin talentskule, LIPA, i Liverpool.

Aleks Grey

Alex Grey på Sommarlutt 2013
Foto: Øystein Torheim

Aleksander Raftevold frå Nordfjordeid er hardtarbeidande og er for tida spelelista i over 20 land rundt om i verda. I november gir han ut sin første EP. Raftevold går for tida på Paul McCartney sin talentskule LIPA, der han og bandet mellom anna har fått spelt musikken sin live i BBC. Raftevold er tydeleg inspirert av band som Coldplay og lagar mektig, internasjonal og melodiøs popmusikk. Han har også turnert fleire gonger med bandet sitt heime i Sogn og Fjordane.

Linda Gytri

Linda Gytri trio
Foto: Pressefoto

Linda Gytri frå Oldedalen gav ut sitt første album med Linda Gytri Trio i starten av året. Ho hausta ei rad med gode kritikkar for det varme og melodiøse albumet ho kalla Audire. Mellom anna gav platemeldaren til BT plata fem av seks hjarter for albumet med trekkspel, piano og bass. I trioen finn du to sterke musikarar i Timo Alakotila og bassisten Anders Bitustøyl i tillegg til Linda på trekkspel. Dei har spelt på ei rad store scener som til dømes Førdefestivalen.

Månevenn

Månevenn
Foto: Pressefoto

Sunnfjordingane i Månevenn gav i år ut debutalbumet sitt Vegen Til. Songane er framført på klingande dialekt, og musikkmeldaren til NRK P1 meinte at dette var eit veldig bra debutalbum med mange fine låtar og flinke musikarar. Eit album som fortener å bli høyrt på og veks med fleire gjennomlyttingar var tilbakemeldinga. Gruppa har spelt ei rad konsertar i løpet av året, og fleire av låtane har blitt mykje spelt i NRK Sogn og Fjordane.

Steinar Karlsen

Steinar Karlsen
Foto: David Zadig / NRK

Steinar Karlsen frå Eikefjord har i år gjeve ut heile to album. Det eine albumet er eit soloalbum der den dyktige gitaristen gjer alt sjølv, på det andre albumet har han med seg ei rekkje med andre dyktige musikarar. Karlsen leverer instrumental gitarmusikk som haustar gode kritikkar.

Xzwer

Michael Kildal
Foto: Gøril Sætre

Rapparen Michael Kildal frå Florø har gjort det så bra i Norske Talenter på TV2 i haust at plateselskapet Sony har gjeve ut to av singlane hans. Dommarane gav han overstrøymande kritikkar for låtane han har framført i TV-serien. Kildal har i mange år jobba som musikar, og håpar på eit gjennombrot som nasjonal artist.

Drusar

Drusar på Blest 2012
Foto: Pressefoto / BRAK

Rockarane i Drusar frå Sunnfjord har levert eit solid rockealbum i år. På albumet Attende, fysisk og digitalt finn ein mellom anna låten som dei skreiv til NRK1 sitt program The Hit, der DDE spelte inn låten deira. Bandet har spelt på små og store festivalar gjennom sommaren, og har klare ambisjonar om å bli eit nasjonalt rockeband.

Maar

MAAR
Foto: Ole Eltvik

Folkemusikarane i Maar gav i haust ut sitt andre album. Med sjølvlaga musikk har folkemusikktrioen laga eit nytt sterkt album med tittelen Epleslang. Britt Pernille Frøholm frå Hornindal er ein del av trioen med si hardingfele. Maar har spelt på ei rekkje store og mindre scener i løpet av året.

Eirik Sognnes

Eirik Sognnes
Foto: pressefoto

Eirik Sognes fekk spelelista låten si "Lun sommarvind" på NRK Sogn og Fjordane i år. Låten som er svært sommarleg vart ein av dei mest spelte på kanalen i løpet av sommaren. Sognnes har også spelt på større og mindre scener i løpet av sommaren.

Trollebø

Jørn Trollebø Kvalheim
Foto: Guro Kvalnes / NRK

Jørn Kvalheim Trollebø frå Vågsøy vart nummer to i Idol før juli i fjor, og brukte vinteren til å skape sitt debutalbum med bandet Trollebø. I sommar gav dei ut plata og spelte mellom anna på NRK Sommarlutt på Malakoff Rockfestival. Trollebø har også spelt ei rad andre konsertar både nasjonalt og lokalt i løpet av året.

Fri Flyt

Fri Flyt

Fri Flyt frå Lavik gav ut debutalbumet sitt I Kulissar av natt i år. Dei kallar sjølv musikken sin for Fjordacountry og framfører all musikken på norsk. Bandet som er populært blant publikum har spelt både på countryfestival i Gulen, Sunnfjord Countryrock og andre scener gjennom året. No er dei i gang med oppfølgaren til sitt første album.

Spitfire

Spitfire på Blest

Spitfire er eit solid rockeband frå Sunnfjord. Med sitt album Fuel To Burn som dei gav ut i år, har dei fått sterke kritikkar, og har turnert både i ut- og innland. Nettmagasinet Heavymetal.no skriv at norske Spitfire leverer rock 'n' roll, der oktan-eim og ein polert produksjon styrer.

Lillian Samdal

Lillian Samdal
Foto: Borghild Rudjord Unneland

Lillian Samdal frå Fjaler fekk strålande kritikkar då ho gav ut debutplata si Fire Vintrar i haust. Dagens Næringsliv sin platemeldar skreiv at Lillian var ei vestnorsk visepopbølge heilt åleine, og kallar musikken hennar for kunstpop. Samdal skriv musikken sin på dialekt, og har tidlegare jobba med artistar som Sondre Lerche og Julian Berntzen.

Vreid

Vreid
Foto: Promofoto: Peter Beste.

Svartmetallbandet Vreid frå Sogndal har fått strålande kritikkar for sitt nye album Solverv. Albumet kom ut i haust og har fått ei rad toppkarakterar frå internasjonal musikkpresse. Metal Hammer skriv at Vreid med dette albumet har tatt steget opp i absolutt øvste sjikt! Dette albumet er både rått og mektig, og eg gler meg voldsomt til å høyre dette materialet live! Når Byane Brenn er kanskje den beste låten bandet nokon sinne har skrive, skriv platemeldaren.

Let's Be Light

Lets be light
Foto: Pressefoto

Elektronikaduoen Let's Be Light gav i år ut sitt debutalbum, og har i etterkant turnert rundt om i landet. Lise Kristin Kvenseth frå Stad er eine halvdelen av gruppa. Bandet har blitt spelt og omtalt positivt i fleire radioprogram på NRK. Nettmagasinet Nynorskmusikk.no kallar debutalbumet deira eit elektronisk fyrverkeri.

Mariann Rosa

Mariann Rosa
Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Mariann gav i oktober ut sitt nye soloalbum Hype. Eit energisk album som viser ein fargerik artist frå Stryn. Mariann eksperimenterer tydeleg med popsjangeren, og har etter kvart bygd seg opp ein internasjonal fanskare. Mellom anna har ho fått fotfeste i London der ho bur og jobbar med musikken sin. I haust har ho mellom anna vore aktuell i TV-programmet Kongen på Haugen på TV3.