Hopp til innhold

Kven er tidenes Sogndal-keeper?

Her kan du stemme på kven som skal vere keeper på tidenes Sogndal-lag.

Leon Hovland og Frode Grodås

BURVAKTARAR: Leon Hovland og Frode Grodås veksla å vakte Sogndal-målet tidleg på 80-talet. Er ein av dei tidenes Sogndal-keeper?

Foto: Jan Inge Fardal, S/SA

- Det er mange fotballfolk frå heile landet som har spurt meg kvifor Sogndal alltid har gode keeperar, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete. No er tida inne for å kåre den beste.

Kandidatane:

  • Per Ingar Sviggum (127 kampar/3 mål) 1953-71. Sette standarden for det moderne Sogndal som keeper og seinare som trenar i cupfinalen i 1976.
  • Leon Hovland (228/0) 1970-86. Fryktlaus og reaksjonssterk.
  • Frode Grodås (94/0) 1982-86. Kraftpakke frå Honndalen. Treng ingen presentasjon.
  • Kåre Jan Mjelleli (151/2) 1983-91. "Kokken" elska straffar. Både redda og skåra. Ruvande keeper.
  • Oddgeir Hov (93/0) 1991-97. Allsidig og trygg målvakt.
  • Terje Skjeldestad (293/0) 1995-2007. Soleklart førsteval i over eit tiår. Spelte seg inn på landslaget.
  • Piotr Leciejewski (93/0) 2008-2010. Ekstremt reaksjonssterk med svært låg feilprosent.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Gjennom tidene har kanskje keeperane vore den sterkaste posisjonen til Sogndal, så her blir det vanskeleg å velja, seier Navarsete.

Tidenes Sogndal-lag


Her kan du stemme på den du meiner er den beste målvakta Sogndal nokon gong har hatt. Du kan gje ei stemme kvar dag fram til avstemminga blir avslutta søndag 23. januar ved midnatt. Vinnaren vil ta plass mellom stengene i tidenes Sogndal-lag som skal kårast fram mot seriestart i Eliteserien 20. mars.


Du kan avgje ei stemme kvar dag fram til neste måndag. Måndag 24.01 kjem ei ny avstemning. Då skal tidenes høgreback kårast.