Hopp til innhold

Kven er tidenes Sogndal-høgrekant?

Keeper og forsvarsrekka på tidenes Sogndal-lag er på plass. No går me laus på midbana og startar med høgrekanten.

Alexander Ødegaard etter å ha skåra 3-0-målet mot Slovenia i 2004.

LANDSLAGSMÅL: Alexander Ødegaard blei teken ut til landslaget etter ein svært sterk 2004-sesong for Sogndal.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

- For Sogndal sin del snakkar me meir om høgre midtbane enn høgre ving. Desse typiske vingane har Sogndal eigentleg ikkje hatt før dei seinare åra, men det har vore mange gode på høgre midbane. Ein del skikkelege slitarar som har hatt høg verdi for laget. Det har også gjort at ein del av desse har spelt i mange ulike posisjonar, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete.

Laget til no:

Kandidatane:

Ingvar Stadheim (1968-78) 163 kampar/23 mål. Målfarleg teknikar som seinare vart både Sogndal-trenar og landslagssjef.

Knut Christiansen (1973-82, 84-90, 92) 208/122 Har spelt over alt på bana, men fann seg etter kvart til rette til høgre på midbana. - Jøsses for ein krigar, gliser Navarsete.

Bent Apneseth (1994-98) 111/6. Jærbu med stor løpskapasitet og ukueleg vilje.

Kai Erik Moen (1994-98) 123/20. Liten og lett, men Navarsete held han som den beste duellspelaren Sogndal har hatt.

Alexander Ødegaard (1999-2004) 143/55. Ving av klassisk merke. Rask, god til å drible, gode innlegg og farleg framfor mål.

Ole Jørgen Halvorsen (2009-2011) 45/11. Rask og målfarleg. God ein mot ein.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Du kan gje ei stemme kvar dag fram til avstemminga blir avslutta søndag ved midnatt. Vinnaren vil ta plass på tidenes Sogndal-lag som skal kårast fram mot seriestart i Eliteserien 20. mars.

Du kan avgje ei stemme kvar dag fram til søndag midnatt. Måndag 21.2 kjem ei ny avstemning, for då skal tidenes sentrale midtbanespelarar kårast.