Hopp til innhold

Kven blir årets gründer?

Fem finalistar kjempar no om å bli kåra til årets gründer i fylket. Alle gjer det skarpt innan digitalisering og teknologi.

Ein av desse fem blir årets gründer i Sogn og Fjordane.

KVEN: nLink, Lefdal Mine Datacenter, Tibber, Remb Technologies, og INTIN kjempar om å bli årets gründer i Sogn og Fjordane.

Foto: Inger Marie Lien/Lefdal Mine

– Det var føreslått 21 kandidatar, men desse fem utmerka seg. Dei representerer framtida, seier leiar i juryen, Hjørdis Vik frå Innovasjon Norge.

Vinnaren blir kåra 4. november, og prisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Framtidsfylket. Prisen blir delt ut for femte gong.

Når dei nominerte skulle snevrast inn til ein handfull hadde juryen klare kriterium å gå etter.

Hjørdis Vik

JURY: Hjørdis Vik frå Innovasjon Noreg har hatt administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane Trond Teigene og Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken med seg i juryen.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– Vi har sett på om dei har noko nytt i forretningsideen, gjennomføringskraft, kven som står bak og om dei har samarbeidspartnarar og investorar med seg. Og så har vi sett på vekstpotensial. Vi syns dette fem har spanande ting ved seg, og scorar godt på desse kriteria, seier Vik.

Når ein vinnar til slutt skal kårast får publikum også høve til å vere med i røystinga. Publikum kan gje si røyst og stemmene frå publikum og juryen skal telje likt.

Vik vil ikkje avsløre heilt kva dei vil sjå ekstra grundig på for å få ein verdig vinnar av 100 000 kroner, men nemner eit kriterium til som blir viktig.

– Verdiskaping, både lokalt og nasjonalt er noko vi ser etter.