Hopp til innhold

Kven berga jagarflygar Gordon Watt?

Den 7. april 1945 vart jagarflyet til Gordon Watt sakna etter ein luftkamp over ytre Sogn. Dei aller fleste her i landet har trudd at flygaren fekk si våte grav i Sognefjorden.

Gordon Watt med Mustang-fly

Gordon Watt vart berga i ytre Sogn etter at flyet hans styrta 7. april 1945. Men ingen veit kven som hjelpte han.

Foto: privat, utlånt av Caroline Rundle

Men det var før Kjell Arve Vorland frå Sotra tok til å grave i gamle arkiv og i slektstre. Han er veldig oppteken av krigshistoria og særleg det som har med krigsfly å gjere.

– Vi begynte med å leite etter det vi trudde var ei krigsgrav, men etter kvart fann vi ut at piloten kom tilbake til Storbritannia i live. Så då var det med eitt ein heltedåd og ein bergingsaksjon det handla om, ikkje det å finne ei grav eller eit flyvrak.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kjell Arve Vorland

LEITA ETTER GORDON WATT: Kjell Arve Vorland har lagt ned mykje arbeid i å finne ut kva som skjedde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bomba «Oldenburg» i Vadheim

I dei britiske flyrapportane er piloten omtala som F/lt. (Flight Lieutnant) G.C.L. Watt. Han hadde og vore med i det store luftslaget over Sunnfjord 9. februar same året, der skaut han ifølgje rapportane ned eit tysk fly.

Det som er kjent er at to tyske Focke Wulf jagarfly vart skotne ned over Hyllestad og Lavikdalen den 7. april 1945, vel ein månad før krigen var slutt. Det var ein fin og klar vårettermiddag, klokka var rundt 16.40.

21 britiske fly av typen Beaufighter hadde vore i Vadheim og bomba det tyske skipet «Oldenburg» og var på veg tilbake til dei britiske øyane.

Les meir i artikkelen "Oldenburg" senka ved Vadheim i Fylkesleksikonet.

(Artikkelen held fram under biletet).

Focke Wulf 190-fly på Herdla

PÅ MUSEUM: På flymuseet er det teke vare på vraket av eit Focke Wulf 190 jagarfly.

Foto: Kjell Arve Vorland

Mustangen til Watt mangla

Då kom rundt eit dusin tyske jagarfly frå basen på Herdla utanfor Bergen og avskar dei. Eitt av Beaufigheter-flya greidde å unngå å bli skote ned ved å flyge ekstremt lågt og fylgje fjellsidene utover mot havet.

I tillegg hadde bombeflya hjelp av 16 Mustang jagarfly. Fire av dei låg i sikring og sirkla litt over dei ytre delane av Sognefjorden medan det tyske transportskipet vart bomba. Då dei tyske flya kom frå sørvest, var dei fire flygarane klare til å forsvare bombeflya.

Det gjorde dei godt. To tyske jagarfly vart skotne ned, det eine i Lølandsmarka i Hyllestad, det andre ved Sørstrandsvatnet på øvre Lavikdalen. Begge dei tyske flygarane, Ernst Tegel og Walter Opitz, omkom.

Kart over ytre Sogn

HER VAR DET DRAMATISK 7. APRIL 1945: Vart Watt berga ved Bekken? Staden ligg like aust for det markerte neset nord for Brekke, mellom Lavik og Leirvik.

Foto: Google Maps

I eitt av Mustang-flya sat Gordon Watt bak spakane. Dei tre kollegaene hans, Black, Romain og Pearson kom seg trygt tilbake til Peterhead. Også Beaufigheter-flya kom seg heim att til Skottland, sjølv om eitt av dei var mildt sagt skadeskote.

Berre Mustangen til Gordon Watt mangla. Det vart oppfanga eit naudsignal frå flyet hans, men ein leiteaksjon med to fly same kvelden var resultatlaus.

I rapporten som vart skriven etter toktet står det:

F/Lt. Watt was last heard in T/A calling up about 1645 hrs saying he had an e/a on his tail and was also seen in a dog fight with 2 FW 190's. One faint call which gav a bearing but no fix, led to intensive A.S.R. search but without success.

Det siste dei andre pilotane høyrde til Watt var altså klokka 16.45 då han sa at han hadde eit tysk fly på halen sin, og han vart sett i kamp med to Focke Wulf 190-fly.

Flight Lieutnant Black sirkla over området ei lita stund, utan å sjå noko til kameraten, før han returnerte til Peterhead i Skottland.

Leita i slektsarkiv

I ytre Sogn blir det snakka om at det skal ha gått eit fly i fjorden ved Bekken, mellom Lavik og Leirvik, men i dag er det vanskeleg å få noko sikkert haldepunkt om dette var tilfelle.

Men Kjell Arve Vorland tok til å grave i britiske arkiv.

– Eg fekk tak i det fulle namnet til flygaren, Gordon Chambers Lent Watt, og så tok eg til å leite i slektsarkiv. Og på eit slektstre i Australia fann eg att namnet. Då sende eg ein e-post til ho som hadde laga slektstreet, Caroline Rundle.

(Artikkelen held fram under biletet).

Caroline Rundle og Kjell Arve Vorland

UTVEKSLA INFORMASJON: Caroline Rundle og Kjell Arve Vorland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fortalde ikkje mykje

Og då viste det seg at ho var dottera til Gordon Watt. Ho vart fødd i 1950, etter at faren hadde emigrert til Australia, der han livnærde seg som flygar i fleire kommersielle flyselskap. Watt fekk også ein son, han vart fødd i 1952.

Då Caroline fekk den spennande historia om hendingane i ytre Sogn frå Kjell Arve Vorland, tok ho til å leite i det faren hadde late etter seg då han døydde i 2001.

Der fann ho både informasjon og bilete som fylte ut det vesle han sjølv hadde fortalt om det han opplevde som krigsflygar.

– Han snakka ikkje mykje om opplevingane sine, men han fortalde at han hadde måtta hoppe ut i fallskjerm og landa i ein fjord i Norge. Der vart han berga i land av fiskarar og teken hand om av patriotar før han hamna i tysk fangenskap.

Smugla ut beskjed til kona

Eitt av funna var eit brev frå det britiske Air Ministry til kona til Gordon Watt, Jeanette St. L. Parsons. Ho hadde den 8. april 1945 fått beskjed om at mannen hennar var sakna. Men den 3. mai fekk ho brevet som gav ho nytt håp.

(Artikkelen held fram under biletet).

Brev til Jeanette Parsons

'I AM QUITE OK': Brevet med beskjeden Gordon Watt hadde fått smugla ut.

Her står det m.a. at Gordon Watt hadde skrive ein beskjed til kona på pengesetlar som så vart gitt til ein norsk patriot om at han hadde det bra og at han håpa å vere heime igjen snart.

I brevet står det også at dei britiske styresmaktene ikkje hadde fått noko informasjon frå tyske kjelder om at Watt var krigsfange.

Bilete frå Fornebu

Eitt av bileta Caroline Randle fann i huset sitt i Australia er av ei gruppe allierte flygarar og nokre tyske offiserar framfor eit RAF-fly på Fornebu lufthamn i Oslo i mai 1945. Der kjenner ho att faren. Med andre ord må han ha vore krigsfange.

Faren har fortalt henne at han prøvde å rømme då han vart frakta med tog, truleg til Oslo.

Kjell Arve Vorland meiner Watt må ha vore i ein fangeleir ein stad på Vestlandet. Etter frigjeringa skal han ha reist rundt i Norge for å hente andre britiske fangar, for så å returnere til England saman med desse.

(Artikkelen held fram under biletet).

RAF-fly på Fornebu mai 1945

PÅ FORNEBU I MAI 1945: Her står Gordon Watt og ventar på å få gå om bord i RAF-flyet som skal frakte han heim. Watt er mannen som vi ser hovudet på mellom landingshjula.

Foto: privat, utlånt av Caroline Rundle

Så godt som ukjent i Hyllestad

Men i dei tyske arkiva er ikkje namnet hans å finne. Og i ytre Sogn har Kjell Arve Vorland leita iherdig utan å få faste haldepunkt for korleis Gordon Watt vart berga.

– Det er det som er så veldig rart. Denne historia har møtt motstand heile vegen. Det einaste vi finn er ein artikkel av Johan Hagen i eit sogeskrift for Hyllestad frå 2008 der det blir vist til eit rykte om at eit fly skal ha gått i sjøen ved Bekken eit stykke vest for Lavik.

Vorland har vore på staden saman med Einar Brendsdal, som bur like vest for Bekken. Han har og fått hjelp av Håkon Haukøy, men framleis er det ei gåte kven som hjelpte den våte og forkomne flygaren Watt 7. april 1945.

(Artikkelen held fram under biletet).

Tony og Caroline Rundle

HÅPAR PÅ Å FÅ VITE MEIR: Caroline Rundle og ektemannen Tony.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Veldig spesielt å vere her

Måndag denne veka kom Caroline Rundle og mannen Tony til Norge. All informasjonen dei har fått frå Kjell Arve Vorland gjorde at dei måtte ta den lange turen til Vestlandet for å sjå med eigne auge det landskapet der Gordon Watt var i intens luftkamp.

– Det er ein veldig spesiell dag for oss, og det er fantastisk fint å vere her. No håpar eg at vi finn ut meir om det som skjedde.

Ho fortel at faren alltid snakka varmt om Norge og nordmenn og dei norske fjordane. Faren har fortalt at han fekk kake og vin då han hadde bursdag den 21. april 1945. Om dette var i tysk fangenskap eller om han då framleis var i skjul er uklart.

(Artikkelen held fram under biletet).

Caroline Rundle og Einar Brendsdal

SKJEDDE DET HER? Caroline Rundle i båt ved Bekken saman med kjentmann Einar Brendsdal.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Håpar nokon veit meir

Også Kjell Arve Vorland håpar at dei no kan finne ut meir om det som skjedde frå 7. april til krigen var slutt 8. mai. Saman med Ottar Mjelde tek han ekteparet Rundle med til flymuseet på Herdla, der det var tysk flybase under andre verdskrigen.

Onsdag tok dei turen til ytre Sogn. Der var dei mellom anna ute i båt utanfor Bekken, saman med kjentmann Einar Brendsdal.

– Når denne historia blir kjend håpar eg at dersom nokon eventuelt sit inne med kunnskap om bergingsdåden, så kan dei fortelje det til oss. Her har det truleg vore nokre lokale motstandsfolk inne i biletet, folk som ikkje har snakka mykje om det i ettertid, seier Vorland.

Har funne bitar til puslespelet

Det er mange spørsmål som manglar svar, til dømes kvar flyet styrta, kvar Watt vart berga i land, kven hjelpte han, korleis pengesetlane med meldinga til kona vart smugla ut av landet?

Nokre av bitane i puslespelet er i ferd med å kome på plass. Mellom anna skal ein dreng på garden Hellebø som var ute for å sjå til garn ha berga ein mann som korkje kunne norsk eller tysk.

Ein annan mann i grenda skal ha fylgt denne karen opp på Hellebøstølen.

Vorland håpar at det ein stad i ytre Sogn finst nokon som har høyrt frå ein bestefar eller andre kjende om at dei var med på å berge ein britisk flygar i april 1945.

Ottar Mjelde, Tony og Caroline Rundle og Kjell Arve Vorland

LEITAR ETTER MEIR INFORMASJON: Frå v. Ottar Mjelde, Tony og Caroline Rundle og Kjell Arve Vorland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK