Kvardagen har innhenta «The Voice»-Andrea

MÅLØY (NRK): – Det er rart, men det kjennest godt å vere heime att.

Andrea Santiago Stønjum

SKULEELEV: Andrea Santiago Stønjum har mykje skulearbeid å ta igjen etter å ha vore vekke i snart to månader.

Foto: Harald Kolseth

Det seier Andrea Santiago Stønjum første dagen på skulen etter The Voice-eventyret.

I helga enda vågsøyjenta på andreplass i talentkonkurransen på TV2 .

– Eg har ikkje vore her på sju-åtte veker, så det var godt å komme tilbake til sitt eige hus, si eiga seng og treffe att alle eg er glad i, fortel 16-åringen.

Skulen flagga

– No skal eg hente meg inn att på skulen, der er eg litt etter. Så er det juleferie, og då skal eg verkeleg slappe av og kose meg med familien, legg ho til.

På Måløy vidaregåande skule var det mange som ville ha ein bit av Stønjum i dag. Skulen sende like godt flagget til topps. Thomas Løseth (29) vann «The Voice».

– Sjølvsagt er vi stolte av henne, seier veninnegjengen.

Hovudpersonen vedgår at ho er litt sliten.

– Men kven hadde ikkje vore det. Dei sa det i produksjonen også at det ville bli ein emosjonell overgang til ein heilt annan kvardag, men det går over etter kvart, seier Stønjum.

Andrea Santiago Stønjum og venninene

VENINNER: Endeleg får Sofie Årdal, Ida Apneseth, Andrea Santiago Stønjum, Lovise Silden og Celine Mork tid til å henge saman etter at Andrea har vore vekke i nesten to månader.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Imponerte på scena

16-åringen har siste vekene jobba iherdig og har fredag etter fredag imponert både mentorar og publikum frå scena. Stønjum hadde sjølv Yosef Wolde-Mariam som mentor.

– Det har utvikla meg veldig. Eg har fått tilbakemeldingar frå både mentorar og publikum at eg har utvikla meg mykje på kort tid. Det er fint å høyre. Som Yosef sa, stemma har eg hatt på plass lenge, men no har eg også verkeleg byrja å slå meg laus og vere meir trygg på meg sjølv, seier ho og legg til:

– Det var også målet med å vere med.

Gav meirsmak

Deltaking i talentkonkurransen har gjeve meirsmak til å satse på eit liv som artist.

– Det er synging eg har lyst til å drive med. Eg har i fleire år prøvd å lage eigne låtar, men det er ikkje mi sterkaste side. Melodiane går greitt, men det er tekstane eg ikkje får til så bra, avsluttar ho.