Hopp til innhold

Kvar vår går ho på skattejakt etter små firbeinte

VÆRLANDET (NRK): Med det store, ville havet på alle kantar vert lamma fødd ute her. På våren er det difor dyrebare skattar å finne i kystlyngheien ute i havgapet.

Kvinnelig sauebonde jakter nyfødte lam fra villsau på et 1000 mål stort beiteområde i øyriket Værlandet i Askvoll. Store totaler over kystlandskap i vakkert vårvær, villsau på beite, tett-på situasjoner med bonde som godsnakker med dyrene og har navn på hver sau.

PÅ LAMMEJAKT: Hilde Buer veit at sauene klarar seg fint sjølv, men ho likar å passe på at dei har det bra, særleg i lammetida. (Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen)

– Sara har ikkje lamma endå. Heller ikkje Sasha. Vi får berre leite. Ingen jenter her heller?

Hilde Buer er på leit etter små ulldottar i lyngen, bak steinane, inne i holer.

– Det er akkurat som å gå på skattejakt. Det er veldig koseleg.

Eit av Vestlandets største sauebruk

Saman med mannen Anders Braanaas lever ho av å vere sauebonde på Værlandet. Ho er ein inspirasjonsbonde for økologisk landbruk, forklarar ho. Øysamfunnet Værlandet og Bulandet ligg ein times tur med ferja frå Askvoll og er det vestlegaste det bur menneske i her i landet.

På det meste har dei 450 sau av typen gamalnorsk og 200 av dei lammar på denne tida.

Hilde Buer

KAN ALLE NAMNA: Hilde Buer er ven med alle sauene.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Er det Gunn som er her, småpludrar ho.

Saueeigaren går ikkje forbi ein einaste sau ute i lyngen utan å småprate. Og alle dei 200 søyene som ventar små har også namn. Ho kjenner dei alle att, og det på lang av stand. Dei klarar seg sjølv, og treng ikkje hjelp til lamminga. Likevel passar Buer på.

– Eg er litt hønemor. Eg vil gjerne sjå at alt er bra, at mor er frisk og lammet er oppe og får drikke.

Gøymer seg for flokken

Ho speidar utover det svære beiteområdet. Ho leitar i eit område på 1000 mål, men totalt eig dei over 3000 mål.

– Sasha har heller ikkje lamma. Begynner det ikkje å bli på tide, spør ho sauen.

Sau - gamalnorsk

GAMALNORSK: Denne sauerasen klarar seg fint ute i all slags vêr.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Om det er lam å finne, så gir sauene sjølv beskjed.

– Dei vil ikkje at dei andre sauene skal få vite kor dei er. Dei gøymer seg for flokken.

Men dei stikk ut frå gøymeplassen for å varsle matmor. Og inne i ein liten krok finn ho ein liten, kvit ulldott.

– Å, så fint det var. Kva nummer skal du få då? Nydeleg lite lam.

Ho stadfestar at lammet har det bra, og festar eit merke i øyret, slik som dei vaksne også har. Så held leitinga fram i lyngen.