Dette berre syner at problemet med lakserømming er langt større enn enn tidligare rekna med, seier generalsekretær Rasmus Hansson.
Trussel mot villaksen
Arkivfoto
Hannson meiner at oppdrettslaks er ein direkte trussel mot den ville laksen. Den rømde oppdrettslaksen konkurrerer i gytinga og spreier sjukdom. - Dette må no få konskvensar for oppdrettsnæringa, meiner Hansson, som no oppfordrar forbrukarane om å engasjere seg og be om laks frå rømningssikre merdar.
Ikkje generelt forbod
I Hardangerfjorden er heile ni av 10 fisk rømlingar. Fullt så ille er det ikkje i Sogn og Fjordane, men Hansson er langt frå nøgd med stoda her eller. Han seier at WWF ikkje tek til ordet for eit generelt forbod mot oppdrett i nærleiken av lakseelvar, men så lenge oppdrettsnæringa ikkje greier å få slutt på rømningsproblemet er det ein del stadar det ikkje bør drivast oppdrett.
- Manipulering
Regionsjef i Vestnorsk Havbrukslag, Hans Inge Algerøy, meiner Verdas Villmarksfond driv manipulering med tal. Algerøy trekk ikkje tala i tvil, men meinar biletet er meir nyansert enn som så.
- Det er veldig lite fisk som rømmer og når det blir fiska så lite villaks, så er det lett å få store prosentvise utslag, seier Algerøy.