Hopp til innhold

Ved Slåtten skule har kvar fjerde elev hatt fri utanom dei ordinære skuleferiane

Stadig fleire foreldre tek ungane sine ut frå skulen utanom ordinær skuleferie.

Slåtten skule

RESTRIKSJONAR? Ved Slåtten skule har kvar fjerde elev hatt fri utanom skuleferiane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I Oslo og Bergen er det innført restriksjonar som gjer at elevane ikkje kan få fri utan vidare.

– Uheldig at så mange er vekk

Dette er tiltak ein burde sjå på også her i fylket, meiner rektor ved Slåtten skule i Førde, Turid Irene Hatlem. Ho meiner det er uheldig at så mange elevar er vekk utanom skuleferiane.

– Eg meiner det burde ha vore nokre retningslinjer som alle kunne forhalde seg til, slik at det ikkje blir slik at nokon år etter år søker seg fri. Det kan bli mindre læringstrykk i klassane når så mange er borte, og for dei elevane som får fri kan det bli hol som lærarane må fylle når dei kjem tilbake.

Turid Irene Hatlem

YNSKJER STRENGARE REGLAR: Rektor Turid Irene Hatlem ved Slåtten skule i Førde.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

90 prosent er Syden-ferie

På Slåtten skule i Førde var det i fjor 396 elevar. Av desse fekk litt over 100 elevar innvilga fri også utanom feriane. Rundt 90 prosent handlar om Syden-ferie. Hatlem seier det kan skape uheldige haldningar når så mange får fri.

– Elevane ser at det kanskje ikkje er så farleg om dei tek fri to veker midt i skuleåret utan at det blir noko problem. Det kan verke inn på resultatet seinare.

I Oslo og Bergen er det no innført strenge restriksjonar på når elevane kan ta ferie og om dei får fri. Hatlem meiner ein kan lære av storbyane.

Same elevane år etter år

Rimelegare sydenturar utanom skuleferiane er ei av årsakene til at foreldre søkjer permisjon, trur rektoren. Ofte er det dei same elevane som år etter år får fri. Elevane kan då fort bli misunnlege på kvarandre.

Også på Nordfjordeid skule i Eid opplever rektor Nils Petter Nes at elevane ferierer meir no enn før.

– Det er eit problem, klassane blir aldri heile. Veldig mange veker gjennom året har vi ikkje fullstendige klassar.

Trudvang skule i Sogndal

FRÅRÅR I ENKELTE TILFELLE: Ved Trudvang skule i Sogndal prøver rektoren å vere restriktiv.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Frårår i enkelte tilfelle

Det er ikkje blitt innført restriksjonar i Sogn og Fjordane, men på Trudvang skule i Sogndal prøver rektor Bjarte Ramstad å frårå permisjon i enkelte tilfelle.

– Vi kan gjere avvergande tiltak, vi har sagt frå at vi ikkje ynskjer fritak utanom feriane i førsteklassane våre. Vi prøver å snakke med dei som kjem med søknad slik at elevane gjer arbeid medan dei er på ferie.

Men det er foreldra som har siste ordet. Kommunalsjef Helge Sæterdal i Førde seier strengare restriksjonar er blitt vurdert.

– Vi har ein fortløpande vurdering av det, men vi har ikkje planar om det i 2013.

Slåtten skule i førde

MANGE ELEVAR BORTE: I periodar er det mange elevar som har fri utanom dei ordinære skuleferiane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Rektor Turid Irene Hatlem ved Slåtten skule seier at ho i ein del tilfelle vil frårå sterkt at elevane reiser utanom skuleferien.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Foreldrearbeidsutvalet ved Slåtten skule.