Hopp til innhold

– Lettare å integrere folk på bygda enn i byen

STRYN (NRK): I Stryn er 20 prosent av dei drygt sju tusen innbyggjarane innvandrarar. Ordførar Sven Flo ser ikkje på integrering som eit problem.

Sven Flo

BRILLEFINT: Ordførar Sven Flo meiner integreringa av innvandrarar er enklare på bygda enn i storbyar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Ein høyrer heile tida at folk på bygda er så framandfiendtlege og negative. Det trur eg ikkje noko på, seier ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

Av dei vel sju tusen innbyggjarane i Stryn har kvar femte innvandrarbakgrunn. Over 50 nasjonalitetar er representerte i nordfjordkommunen.

Arbeidsinnvandring og asylmottak

Litt av forklaringa på at kommunen er blitt så fleirkulturell er etableringa av asylmottak i kommunen før jul. I tillegg har mange år med høg arbeidsinnvandring til Nordfjord Kjøtt ført til at Stryn blitt ein fleirkulturell kommune.

– Eg meiner det går bra. Det er veldig få problemstillingar slik vi kan konstatere, seier Flo.

Panoramabilde frå Nordfjord

STRYN: Asylmottak og stor arbeidsinnvandring er hovudsakleg forklaringa på at kvar femte stryning har innvandrarbakgrunn.

Foto: Stryn kommune

Ordføraren opplever ikkje den høge innvandrardelen som noko anna enn positivt. Han meiner dei er godt synlege i bygda.

– Dei er veldig synlege, både visuelt og i aktivitetane i bygda.

Tilrettelagt integrering

Marit Sandnes Skrede på frivilligsentralen arrangerer mange samlingar for å inkludere innvandrarane i samfunnet. Ho seier stryningane tek godt imot sine nye landsmenn og at bygda har lang erfaring med å inkludere innvandrarane i samfunnet.

– Vi har tatt i mot innvandrar frå andre land i mange år så det er blitt ein naturleg del av oss. Flyktningar er stryningar. dei er ein del og har same rettar og plikter som alle dei som har budd her heile livet sitt.

Også ordføraren meiner innvandrarane blir godt inkludert.

– Stryningen er vant til dette. Vi har lang tradisjon for integrering, faktisk heilt sidan 80-talet. Så eg føler at vi er ganske gode på dette.

Blir gjerne stilt krav til

Han vil også trekke fram at det er enklare å integrere innvandrarar på bygda. Han er lei av det dårlege ryktet bydesamfunn har i samband and med integrering og innvandring.

– I mange samanhengar greier vi faktisk å integrere betre i mindre kommunar i dei store byane. Det blir lettare gettoar der, og innvandrarane er meir skjerma frå resten av samfunnet. Her er det større sjansar for du blir fanga opp og nærmast stilt krav til, seier ordføraren.